Neptune Offshore har tinga to ULSTEIN SX130 IMR-fartøy frå Ulstein Design.

Fleire Ulstein-fartøy i Kina

Ulstein Design AS har inngått kontrakt om levering av design og utstyrspakkar til to ULSTEIN SX130 for Sinopacific Group i Kina. Fartøya skal byggast for reiarlaget Neptune Offshore AS som har base i Fosnavåg.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- I fellesskap med reiarlaget har vi utvikla eit fartøy som kan utføre subseaoperasjonar som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon på havbotnen (IMR-fartøy). Neptune er ein ny kunde for Ulsteinkonsernet. Vi er glade for at reiarlaget ynskjer våre skipsdesign og at dei vel design med ULSTEIN X-BOW®, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.
- I utviklingsfasen har samarbeidet med ingeniørteamet hos Ulstein Design vore svært bra, og saman med den maritime klynga i regionen, har vi fått til dei løysingar vi ønskjer oss, seier administrerande direktør Bjørn Endresen i Neptune Offshore.
Ulsteinkonsernet skal levere omfattande utstyrs- og designpakkar til dei to fartøya som er av typen ULSTEIN SX130. I tillegg til å levere hovudutstyret skal konsernet mellom anna produsere hovudtavler, bru og kontrollromspultar, ULSTEIN IAS® (integrert alarm- og overvakingssystem), ULSTEIN COM® (integrert kommunikasjonssystem) og navigasjonsutstyr og ULSTEIN PMS (power management system).
Fartøyet som er av typen ULSTEIN SX130 blir utstyrt med moonpool og integrert ROV-hangar og kan utføre subseaoperasjonar som inspeksjon, vedlikehald og reparasjon på havbotnen. Fartøya er klassifiserte med Clean Design (dobbelt skrog), komfortklasse V3 og har dynamisk posisjonering (DPII).
- Vidare vil fartøya bli utstyrt med ny løysing med eksos under vatn. Eksosen blir ført ut i skutesida rett i overkant av vasslinja, i staden for at eksosen vert ført opp gjennom fartøyet og ut over styrehustaket. Fjerninga av eksosrøra gjennom styrehustaket gir 360 graders fri sikt frå styrehuset, seier salssjef Lars Ståle Skoge i Ulstein Design.
Fartøya blir 88,8 meter lange og 19 meter breie og skal leverast tidleg 2010. Sinopacific Group har frå før åtte ulsteindesigna fartøy leverte eller i ordre.
NEPTUNE
Reiarlaget Neptune vart etablert i 2006 og held til i Fosnavåg i Herøy. Dei to ULSTEIN SX130 vil vere med på å etablere Neptune innan subseamarknaden.
ULSTEIN X-BOW®
- Fartøy med ULSTEIN X-BOW® er designa for å oppretthalde farta sjølv om det er styggevêr og bølgjer. Ein annan fordel med dette er at slag frå sjøen mot framskipet fjernast heilt. Erfaringane hittil viser at slike skip kan spare 4-7% drivstoff per år, avhengig av korleis ein opererar båtane, understrekar Skoge.