Byggnummer 319 er på plass i Ulsteinvik.

Skroget er på plass i Ulsteinvik

No startar utrustinga av Olympic sin neste CSOV.

Publisert

Slepet av skroget til byggnummer 319, det andre TWIN X-STERN CSOV-skipet til Olympic, kom til Ulstein Verft 8. mai frå Crist-verftet i Polen. 

I 2022 signerte Olympic og Ulstein ein kontrakt på skipsdesign og bygging av to CSOV-ar av ULSTEIN SX222-designet frå Ulstein Design & Solutions AS. 

Skroga vert konstruerte av Crist-verftet i Polen, medan Ulstein Verft har det overordna ansvaret for byggjeprosjektet, som også inkluderer elektriske og mekaniske installasjonar, røyrlegging, innreiing og systemintegrasjon, skriv Ulstein i ei pressemelding. 

ULSTEIN SX222-designet har ei lengde på 89.6 meter og ei breidd på 19.2 meter. Fartøya har 91 lugarar med plass til 126 personar.

Då skroget kom fram til Ulstein Verft vart det slept inn i dokkhallen der målingsarbeidet vil bli utført. I løpet av dei siste månadene av prosjektet vil ein starte opp systema og gjennomføre testar og prøvetur, skriv dei i pressemeldinga. 

– Vi er glade for å sjå det andre skroget framkomme til Ulstein Verft for utrustingsfasen. No har vi to fartøy under ferdigstilling på verftet, og vi gjer oss klare for ein travel periode fram mot leveringa av det første fartøyet denne sommaren. Desse fartøya er utstyrte med toppmoderne teknologi, inkludert ei 3D-kompensert kran og gangveg for trygg personell- og overføring av last til havvindturbin-anlegg, og vil sikre kundane våre høg og trygg operasjonsevne i dei tøffe forholda offshore. Fartøya har moderne utvendige lugarar med dagslys for totalt 126 mannskap og kundar, og kan by på den beste kviletida før neste skift, seier COO Marius Bergseth i Olympic.

Fartøya blir utstyrte med dieselelektrisk framdrift som har variabelt turtal i kombinasjon med store batterisystem. Ulstein Power & Control har fått kontrakt på å levere ein omfattande kraft- og automasjonspakke, inkludert ein storc batterileveranse.

Søsterskipet, byggnummer 318, vart dokka ut frå dokkhallen 6. april og er no godt i gong med oppstarts- og testfasen.  Den neste milepålen for dette fartøyet vil bli prøvetur, skriv dei i pressemeldinga.