Sudri Enabler” vart døypt i byrjinga av mai.

Døyper om heile flåten

Edda Wind døyper om heile flåten sin frå «Edda» til «Enabler».

Det vil no vera «namn på båten» etterfølgt av «Enabler».

Nyhenda vart lansert i samband med dåpen av «Sudri Enabler», som fann stad hjå Godan Shipbuilders i Spania. «Sudri Enabler» er det første skipet som tek i bruk det nye flåtenamnet. 

«Sudri Enabler» er ein CSOV designa for fleksibel operasjonar, og som er klar for utsleppsfrie operasjonar med hydrogenbasert framdrift. Fartøyet er 88,3 meter langt og kan romma 120 personar. 

«Enabler» skal synleggjera selskapets lovnad om å mogleggjera grøn energi og ei grønare framtid, skriv selskapet i ei pressemelding. 

– Med vårt nyaste nybygg vil våre fartøy bera namnet «Enabler» som ein visuell, konstant og sterk påminning til oss sjølv og våre kundar om vår visjon og vår ekspertise. Me ynskjer «Sudri Enabler» velkommen til vår flåte og vil snart byrja å byggja å endrar namn på resten av flåten vår, uttaler administrerande direktør i Edda Wind, Kenneth Walland. 

Selskapet vil framleis halda på namnet Edda Wind.