Torbjørn Johnsen har ein enorm motivasjon for å redda liv i havbruksnæringa.

Idéen tok havbruksnæringa med storm samstundes som det heidra broren til Torbjørn

For elleve år sidan fekk han moglegheita. Det heile skaut fart, og Torbjørn Johnsen brenn no meir for satsinga enn nokon gong.

Publisert Sist oppdatert

Han er tilsett i Ahlsell, og har ansvar for havbruk- og fiskerinæringane. Sjølv har han alltid tykt at havbruksbransjen har vore interessant. Då han fekk moglegheita fann han fort ut at det var full klaff.

– Eg kjente på meg at her skal eg jobba resten av livet. Havbruksnæringa er heilt fantastisk, eg har fått så mange gode vener her. Det er ein bransjen eg har blitt glad i, og eg har stor respekt for dei som jobbar her. 

Ulukkesstatistikken

Johnsen har ei målsetjing om å redda flest mogleg liv i bransjen. Det er dette han brenn for og han er personleg investert. Motivasjonen for det må ein tilbake til då Johnsen var ti år gammal. Då døydde broren Per- Øyvind i ei bilulukke.

– Det året han omkom, vart han det eine talet i statistikken. Familien vår vart ein del av statistikken. Du kjenner på den smerta det eine talet gjev. For bakom talet ligg det ein familietragedie. Det handlar om korleis mor mi vart etter ulukka, korleis bestemor mi vart, korleis høgtidene vart og alle åra etterpå.

– Det gjer noko med deg når du er ti år gammal og helten din dør. Han som hadde eigen bil og kunne henta meg på skulen. Han som gav meg lov til tinga mor og far min ikkje sa eg fekk lov til. Han var den desidert kulaste og tøffaste helten i mitt liv. 

Utstyrsleverandør

Johnsen fortel at det i havbruksnæringa er stort fokus på HMS, og Ahlsell leverer verneutstyr, flytevestar og andre relaterte artiklar. Ifølgje Johnsen er dei no den største utstyrsleverandøren i næringa, ut ifrå produkta dei sel. 

Men det er særskild eitt produkt som skil seg. Eit produkt Johnsen har vore med å laga og som han meiner alle som jobbar på sjøen bør bruka.

– Eg føler på eit ansvar som leverandør. Kva leverer me? Fungerer det? 

For det er ei hending som har bite seg fast. Han hadde nyss seld inn ein arbeidsdress til ein kunde. Problemet var at denne arbeidde mot dei i vatnet.

– Nå eg opplever at tre av våre næraste kundar, som eg personleg veit godt kven er, held på å døy i kleda eg har anbefalt fekk eg ikkje sova. Me var nøydd å gjera ei endring. Me kunne ikkje levera same klede til fiskeri og havbruk som entreprenørar som sit i gravemaskiner og jobbar langs vegen. 

Han føler han har nådd godt ut i havbruksnæringa, og no ynskjer han å nå ut i fiskerinæringa.

Med og ikkje mot

Det vart fort klart for han at dei måtte laga eigne klede. Klede som jobba med dei, ikkje mot dei om dei ramlar i sjøen.

– I Nord-Noreg seier dei at dei brukar flytevest for at familien skal ha ei grav å gå til. Fakta er at om du ramlar på sjøen på vinterstid så har du kanskje 10–15 minuttar på deg før hjarte stoggar. Det er det kalde vatnet som tek livet ditt om du hamnar i sjøen. Me måtte laga noko som sørgja for at det ikkje skjer. 

Då kom tanken om å laga ein Gortex-dress, med tett glidelås, mansjettar på hendene og ei løysing på foten som gjorde at vatnet ikkje kom inn. Samstundes måtte stoffet vera behageleg å jobba i og pusta. 

– Me snakka om det internt, undersøkte med leverandørar, men fann ut at dette ikkje eksisterte. Det var rett og slett ingen komfortabel arbeidsdress for dei som jobba i havbruks- og fiskerinæringa. Det finst ein type transport dress, men ein arbeidsdress i materiale som er rekna for å jobba i, med kneputer, rette typar fleksar og med slitesterkt material. Det har me ikkje funne i marknaden. 

-Så de fann ei nisje?

– Ja, det gjorde me. Eg merka med ein gong me presenterte ideen for dei som jobbar i havbruk at dette var interessant. Det var noko dei ynskte at me følgde opp. 

Kontakta produsent

Johnsen fortel at dei kontakta Hansen Protection, ei merkevare innan overlevingsdrakt, særskild offshore. Her trekk han fram at det er langt strengare regelverk og krav i offshore næringa enn det er i fiskeri og havbruk. 

– Her er det ikkje eit særskild regelverk. Selskap sett sine krav. Sekundet eg la fram ideen for Hansen Protection tente dei på den. Me byrja å drøfta moglegheitene og i 2022 var dei klare med ein prototype. 

Sommaren kom med høge temperaturar, ikkje akkurat arbeidsdressvêr, men Johnsen måtte testa nykommaren.

– Når det er så heitt er det naturleg at ein jobbar i t-skjorte og lett bukse framfor arbeidsdress. Men var det 12–15 grader og vind, var det fint å kunne jobba i den. Eg gjekk ein del fjellturar og hadde sykkelturar i dressen. Eg svømte ein del i den. Eg svømte langt, i alle fall eit par kilometer. Då skjønte eg at denne ville fungera. 

Torbjørn Johnsen ikledd Øyvind- Survive.

Kundane vart involvert

I november 2022 delte dei ut 14 drakter til dei største oppdrettsselskapa. Testperioden gjekk frå november 2022 til våren 2023. 

– Då fekk me testa den i den kalde vinteren, samstundes som me brukte den når temperaturen gjekk opp att. 

Eit spørjeskjema vart delt ut til alle, slik at dei fekk kartlagt viktige aspekt av den nye arbeidsdressen. Med svar frå anlegg frå Rogaland i sør til Aust-Finnmark, var ulike forhold på kysten dekka, fortel Johnsen.

– Tilbakemeldingane var gode. Samtlege likte arbeidsdressen. Det vart peika på at den kunne erstatta vanlege arbeidsklede. I tillegg til å erstatta regnklede. Det siste var ikkje noko me hadde sett for oss, men det er jo heilt sjølvsagt. 

– Me stilte spørsmåla om folk følte seg trygg i arbeidsdressen. Alle svarte ja. Når våren kom 2023 tok me avgjerda at dette går me for. Og me fekk med oss dei store oppdrettsselskapa. Dei ynskte å testa meir av dette. 

Hundrevis av drakter

Arbeidsdressen kan tola at ein ligg i sjøen i opptil 6 timar. Den er sydd i Noreg, kan halda opptil tre år, og dei har avtalar med skreddarar rundt om i Noreg, som skal kunne reparera dressen om ein er uheldig. Eit tiltak som skal både spara pengar og miljøet ifølgje Johnsen

– Produksjon av tekstilar og sko står for 8 prosent av globale klimagassutslepp. Industrien har eit høgt forbrukt av vatn og kjemikaliar, forureinar jordsmonn og vasskjelder og påverkar biologisk mangfald. 20–35 prosent av mikroplasten i havet kjem frå plastbaserte plagg. Gjenbruk og reparasjon av arbeidsklede har difor mange miljømessige fordeler.

Hausten 2023 tinga dei 400–500 drakter. Dei var på lager allereie i november. I januar såg dei at draktene byrja å selja seg sjølv.

– Me sa først til selskap at me var litt redde for å gå tom, så det vart maks 1–2 per lokalitet og fiskebåt. 

No har 50 prosent av havbruksnæringa bestemt seg for at dette skal vera tilgjengeleg for dei tilsette, fortel han godt nøgd.

Heider

Men kva kallar ein eit slikt plagg? Sjølv tenkte han at namnet måtte reflektera forholda havbruks- og fiskerinæringa jobbar i; røff vindfull natur mellom øyer og sjø. Arbeidsdressen fekk namnet Øy-Vind Survive. Eit namn som skildrar næringa og heidrar broren til Johnsen. 

– Det gjorde det enno meir motiverande for meg å jobba med arbeidsdressen. Eg merkar òg at det treff kundane på ein spesiell måte når eg fortel om historia bak namnet. For min del er det både på godt og vondt. 

I påsken gjekk han over Hardangervidda i arbeidsdressen.

Ikkje like enkel

Sjølv om oppdrettsnæringa var overtydd om at dette var eit naudsynt tilskot, har ikkje fiskerinæringa vore like enkel.

– Dei vil ikkje ha redningsvest eller hjelm. Dei vil ha regnbukser og ullgenser. Det er litt machokultur der. Det ynskjer eg å endra, og eg kjem ikkje til å gje meg. Og det er viktig. Det er fiskerinæringa som har flest ulukker. Det dør ein fiskar kvar andre månad. Det er forferdelege tal. 

I 2023 vart det registrert 10 omkomne på næringsfartøy i Sjøfartsdirektoratet sin ulukkesstatistikk. Det er ein auke frå 7 i 2022. Åtte av desse var knytt til arbeidsulukker. Fem av hendingane var knytt til fiskefartøy, fire til lasteskip og eit på passasjerskip. Åtte av dei ti dødsfalla var fallulukker. 

– Eg veit korleis desse familiane har det. Ikkje berre den dagen dei får vita det, men åra etter. Det er 30 år sidan min bror døydde, men det er framleis med meg sjølv om kvardagen går vidare. Det er framleis ei grav som skal stellast, og høgtider utan han. 

– Det gir meg ein ekstrem motivasjon for å redda liv.

Skal redda liv

Sjølv er han overtydd over at drakta vil redda menneskeliv. Han ser for seg at dei vil kapra 75–80 prosent av marknaden i havbruksnæringa med drakta mellom utgangen av 2024 og inngangen 2025.

– Eg har ikkje møtt negativitet retta mot arbeidsdressen. I store havbruksselskap har ein HMS leiarar og sjefar som passar på. På ein sjark er du gjerne to-tre stykk og din eigen sjef. Du har ikkje dei same strenge reglane i forhold til sikkerheit, så der er det vanskelegare å nå gjennom. Men me skal nå inn i næringa med Øy-vind Survive. Eg kjem ikkje til å gje meg før eg har snakka med kvar einaste fiskar. 

Vêret var ikkje best under turen, noko som gjorde at arbeidsdressen fekk testa seg.

Kryssa Hardangervidda

– Korleis skal du overtyda fiskerinæringa?

– Eg var so lei av desse argumenta om at du som fiskar bevegar deg masse og vert klam og sveitt, difor vil ein med ei tynn drakt frysa. Difor var det første stuntet at eg kryssa heile Hardangervidda i arbeidsdressen i påsken. Det gjekk på at eg ville setja fokus på ulukkestala. At det dør ein person annankvar månad. I desember, januar og februar døydde tre stykk.

Det var mildt sagt ikkje det finaste vêret, og Hardangervidda stengde dagen etter han var komme over. Ved eit høve måtte han binda telte fast i seg sjølv for å unngå at det skulle blesa vekk når han sett det opp. Det var tidvis nede i minus 12 grader og stiv kuling. Johnsen fortel at turen vanlegvis tek 7 dagar, men han var ferdig på 3,5.

Med ein pulk på 40–50 kilo tok han 12 timars dagar i bratte bakkar og 30–40 centimeter laussnø. 

– Ein dag gjekk eg 40 kilometer på 12 timar. Eg ville ikkje høyra argument om at fiskarane jobba 12 timars dagar, og at eg berre gjekk i 8. Det var lange økter. Dressen var eineståande, og eg kan no gå god for at den toler bevegelse heile dagen.

I den eine sidelomma hadde han mobilen og på ryggen ein liten sekk for rask tilgang til snacks. 

– Eg var sveitt på låret der mobilen var, og på ryggen der sekken var. Der fekk ikkje materialet pusta, men eg forstod tidleg at eg måtte leggja sekken i pulken. 

Forsikringsselskapa

Vidare skal dei laga ein film om ulukker som skal versera på sosiale medium og liknande. Dei har planar om å delta på Nor-Fishing i Trondheim for å opplysa fiskarane der. Dei har kontakta ulike fiskeriorganisasjonar for å fortelja om Øy-vind Survive, men har vore skuffa over resultatet. 

Dei har derimot fått god respons hjå forsikringsselskapa som forsikrar fiskarane.

– Eg vert overraska om det ikkje godt over halvparten av alle fiskarar i Noreg jobbar i dressen innan 2025.