3D illustrasjon av Quantus.

Fått kontrakt på ny fisketråler

Westcon Power & Automation skriv i ei pressemelding at dei har landa ein stor kontrakt på fisketrålaren MV Quantus LTD og Peter & J. Johnstone LTD har kontrahert.

Publisert Sist oppdatert

Dei skal utføra prosjektering og ha elektroinstallasjon på den pelagiske trålaren som vert er 75,3 meter lang, 15,8 meter brei.  Trålaren skal byggjast hjå Westcon Ølen, og er designa av Salt Ship Design.

- Kva betyr ein slik kontrakt for dykk? 

- Den betyr at me sikrar god og stabil sysselsetting i lang tid fremover, seier tilbodsleiar for marine, og prosjektingeniør, Rune Heddeland. 

Kva verdi har kontrakten har ynskjer han ikkje å kommentera.  Arbeidet går føre seg i Ølensvåg og har oppstart i byrjinga av 2025, med levering i slutten same år. 

I løpet av prosjektperioden ser dei for seg å sysselsetja i gjennomsnitt 20 personar, men i periodar kan dei vera omlag 40 personar på prosjektet. Difor ser dei no etter både lærlingar, montørar og ingeniørar.

- Eit stort prosjekt som dette krev ekstra ressursar.

- Vert dei tilsett på prosjektet eller blir dei med vidare?

-  Det er faste tilsetjingar.