Ulstein vann pris for nyskapande design
På messa Electric & Hybrid Marine Expo i Amsterdam fekk «ULSTEIN THOR» prisen Concept Vessel Design of the Year.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
«ULSTEIN THOR» er eit skipsdesign av eit 149 meter langt fartøy. Det som gjer det designet så unikt er at det vil nytta Thorium i ein saltsmeltereaktor (MSR) for å generera store mengder rein og sikker elektrisitet.
Det gjer at fartøyet kan fungera som ein mobil kraft- og ladestasjon.
Juryen av prisen i Amsterdam var fagjournalistar og konsulentar. Prisen vert delt ut til konsept som set fokus på framsteg og utvikling i den maritime industrien.
Sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg tok i mot prisen, og er lite anna enn nøgd.
- Me er takksame for å bli annarkjent med denne prisen. Våre verdiar er å innovera, engasjera og fremja. Denne prisen syner at me lever opp til desse verdiane og syner viktigheita av å tenkja langsiktige løysingar.
På LinkedIN peikar dei på at det er mogleg å redusera miljøfotavtrykket i dagens marine operasjonar, og dei trur «ULSTEIN THOR» er ein måte å angripa nullutsleppsoperasjonar på ein heilt ny måte.
Årets miljøprestasjon
Men er det ikkje berre Ulstein som kom heim att med pris. Norled tok med seg prisen for årets miljøprestasjon innanfor kategorien fartøydesign på same messe, for MF «Hydra»
Designsjef for elektrifisering og automatisering i Norled, Arnstein Andreassen tok i mot prisen saman med representantar frå SEAM og Ballard Power Systems.
Norled skriv på sine medier at juryen understreka kraften av godt samarbeid mellom fleire aktørar, som har gjort det mogleg å få til pionerprosjektet «Hydra».
Les også:
-
Ship of The Year 2026: Her er de nominerte
Juryen i Ship of The Year har valgt ut årets tre fartøy som kjemper om tittelen Ship of The Year.
-
Beste resultat på 11 år
Ulstein Group hadde driftsinntekter på 3,0 milliardar kroner og eit driftsresultat på 219,2 millionar kroner i 2025. Det er det beste resultatet sidan 2014.
-
Vann kontrakt på to kabelleggingsfartøy
OMS Group har signert kontraktar med Ulstein om design og bygging av to kabelleggingsfartøy.
-
Neste CSOV-nybygg dokksatt hos Ulstein
Nytt fartøy med TWIN X-STERN-teknologi klargjøres for sjøsetting i 2026.
-
«Nexans Electra» sjøsatt i Ulsteinvik
Den 13. november 2025 vart skroget til kabelleggingsfartøyet (CLV) «Nexans Electra» sjøsett frå dokkhallen ved Ulstein Verft, eit viktig steg på vegen mot ferdigstilling. I løpet av tida ved Ulstein Verft har skroget vore under tak i dokkhallen i eit kontrollert miljø, som gir optimale forhold for arbeidsmiljø og kvalitet på malingsarbeidet.