Skipspodden:
– Dronning Elisabeth kom frå Sunnmøre
Skipspodden har møtt Ragnar Thorseth. Mannen som vart verdsberømt då han rodde åleine over Nordsjøen til Shetland i 1969. Der blei han teken imot av sjølvaste Dronning Elisabeth. Om dette møtet og andre historier får du høyre meir om i denne sendinga, der båtane eventyraren har brukt er den raude tråden.
– Å drøyme, skape og dele, er Ragnar Thorseth sitt mantra. Etter mange spektakulære ekspedisjonar, massiv medieomtale, mange bøker og titusenvis av sjømil har han dei seinaste åra roa seg, men stilt er det ikkje.
– Etter at eg fekk attende «Kvitserk» (ein vikingskipskopi) er draumen no å segle frå Noreg til Færøyane for å feire Olsok i år. Båten er klar og for dei som har lyst til å oppleve eventyret, er det berre å ta kontakt, blunkar han.
Denne turen er meint å vere eit jubileum over jordomseglinga med vikingskipskopiane «Saga Siglar» og «Gaia». Til saman fekk han lage 4 kopiar i fullskala av norske skip frå vikingtida.
Båttypane
Det starta med den tradisjonsrike færingen som han kryssa Nordsjøen med. Åleine sette han ut frå Utvær og tok peiling på Lerwick. Det var gjennombrotet for ein som hadde planar om meir. I Lerwick vart han teken imot som ein helt og boren rundt i gatene på gullstol. Det gav meirsmak.
Seinare gjorde han ein ekspedisjon til nordishavet med ein ombygd snurpedorry. Den tradisjonelle kuttaren har vore ein følgesven. Meir moderne båtar som Mørebas og for ikkje å gløyme den lett legendariske Saga 27, har han og brukt mykje. Men det er vikingskipskopiane som har skapt dei største overskriftene og gjeve mest merksemd.
Møt Ragnar Thorseth i vår serie «Salt i Sjela», tilgjengeleg på Skipspodden og Kystpodden.
Høy meg – Sjå meg!
kystpodden.no og Spotify