Konsernsjef, Daniel Garden og COO Jonny Høstland.

Har fått leiarstilling

Han vil ha ansvaret for produksjon, innkjøp og den generelle forsyningskjeda til Maritime Montering.

Publisert Sist oppdatert

Det er Jonny Høstland som vert chief operating office (COO) Maritime Montering, går det fram i ei pressemelding frå selskapet.

Maritime Montering er ei norskeigd gruppe med åtte selskap i Asia og Europa, som tilbyr nøkkelferdige overnattingsløysingar til verft over heile verda.

Selskapet vart etablert i Bygstad, Noreg, i 1981 og har no meir enn 500 tilsette i Noreg, Danmark, Polen, Romania, Tyrkia, India og Kina, med produksjonsanlegg for møblar i Polen og maritime materialar i Kina. 

Årleg omsetnad er om lag 50 millionar euro, skriv dei i pressemeldinga. 

Høstland har bakgrunn frå innkjøp og forsyningskjeder i selskap som Scana Volda, Vik Ørsta og Fora Form/Lammhults Design Group. 

– Me trur på å auke effektiviteten vår for å betra verksemda vår, og Jonny vil vere ein vital bidrag til denne strategien, uttalar konsernsjef Daniel Garden i pressemeldinga.