42 prosent auke for Maritime Montering
Maritime Montering-konsernet la denne veka fram konsernrekneskapen for 2025. Konsernet omsette for 706,3 millionar kroner, opp frå 496,2 millionar kroner året før, og styrkjer dermed posisjonen som ein leiande leverandør av skipsinnreiing og maritime installasjonar internasjonalt.
Driftsresultatet enda på 28,8 millionar kroner, mot 15,3 millionar kroner i 2024. Resultat før skatt vart 20,6 millionar kroner (12,8 millionar kroner året før), og årsresultatet auka til 16 millionar kroner, samanlikna med 5,7 millionar kroner i 2024.
Veksten kjem i hovudsak frå auka oppdragsmengd i dotterselskapa, med sterk utvikling i marknadene i Noreg, India og Kina, samt god framgang for møbelproduksjonen i Polen.
– 2025 var eit år med solid framgang for Maritime Montering. Vi ser at investeringane våre i fleire marknader og segment gir resultat, og at konsernet står stødig sjølv i eit krevjande internasjonalt landskap. Vi tek med oss dette momentumet inn i 2026, der vi allereie ser god framdrift og ventar oss eit godt år, uttalar Daniel Garden, konsernsjef i Maritime Montering i ei pressemelding.
Eigenkapitalen i konsernet var ved årsskiftet på 154,9 millionar kroner.
– Konsernet har elles ein solid og akseptabel likviditet, og den underliggjande drifta viser god vekst på tvers av dei fleste marknadene våre. Vi held fram med tett oppfølging av kontantstraum og valutarisiko for å sikre ein robust finansiell posisjon inn i 2026, seier Monica Tennøy, Group CFO i Maritime Montering
Ser eit godt 2026
Styret og leiinga melder om god framdrift i verksemda også så langt i 2026. Nybyggaktiviteten er aukande i fleire av landa konsernet er lokalisert i, og dotterselskapa sine budsjett for 2026 syner auka omsetnad samanlikna med 2025. Konsernet arbeider vidare med strategien «Robust & Solid 2030», og satsinga på mellom anna yachtsegmentet og materialkonseptet MMD har gitt gode resultat.
– Vi har god tru på utviklinga framover. Marknadene våre syner oppgang, og vi ser auka aktivitet både innan nybygg og innan segment som yacht og «grå skip». Det er lagt eit godt grunnlag i 2025 til at 2026 skal bli enda eit godt år for Maritime Montering, trur Daniel Garden.