«ECOFIVE»

Etterspurnad gjer at dei treng folk i ein krevjande arbeidsmarknad 

Særleg ein ting lokkar arbeidarane.

Publisert Sist oppdatert

Hjå Westcon Power & Automation i Ølensvåg er det mykje å gjera.

Pågåande arbeid med nybygget «ECOFIVE», fleire hybridiseringsprosjekt, nybygget «Trønderbas» og den pelagiske fisketrålaren til M.V. Quantus, gjer at verksemda no har kontraktar til utgangen av 2025.

Dei tre fartøya dei no held på med skal alle utrustast frå no til slutten av 2025 ved verftet i Ølensvåg. 

Ikkje berre nybygg

Men det er ikkje berre nybygg det går i. 

Dei siste fem månadane har dei ferdigstilt fire hybrid-ombyggingar på offshorefartøy, før dei på nyåret går i gang med to til. 

- Dei neste åra vert det mykje spanande arbeid, både når det kjem til nybygg og ombyggingsprosjekt for marine-avdelinga vår, fortel tilbodsleiar for Marine i Westcon Power & Automation, Rune Heddeland.

Dagleg leiar i selskapet, Bjørnar Tveit, legg til at arbeidet er mykje det same om det er nybygg eller ombygging, men at det klart er ein fordel med erfarne elektrikarar når ein skal inn og byggja om eldre system. 

- Nybygg gjev arbeidarane moglegheit til læring og beherskelse av nye system som vert presentert i marknaden. Viss ein samanliknar ein 20 år gamal trålar med ein ny, vil ein sjå korleis teknologien har påverka og rasjonalisert skipsflåten, seier han til Skipsrevyen. 

«Torsborg»

Aukande trend

 I det siste har selskapet òg sett ei auke i tal batterihybride-prosjekt.

- Me ser ein aukande trend blandt kundane våre. Reiarlag og skipseigarar både krev og ynskjer meir berekraftige fartøy. Det ser me i arbeidet vårt med nybygg og i ombyggingsprosjekt, fortel Heddeland, og legg til:

- Den maritime næringa har meldt seg på det grøne skiftet og me merkar at etterspurnaden for elektroinstallasjonar på eksisterande og nye fartøy har auka.

«Trønderbas»

Krevjande arbeidsmarknad

Summen av dette gjer at dei no treng fleire folk. 

- Kor mange personar søker de?

- Me har ikkje eit eksakt tal, men me kan opplysa om at me denne veka har tilsett fem offshore elektrikarar på rotasjonsordning. I tillegg er det behov for ingeniørar og elektrikarar til marine avdeling. Totalt sett kan me då snakka om 15-20 stillingar (inkludert offshore elektrikarane), seier Tveit.

- Korleis er marknaden for å skaffa den arbeidskrafta de treng? 

- Den er svært krevjande med unntak av der me tilbyr offshore rotasjon. Me har etablert kontor i Bergen og håpar rekruttering der kan hjelpa på å skaffa dei ressursane me trenger. 

- Kva gjer de for å vera ein attraktiv arbeidsgjevar no og i framtida?

- Bedrifta brukar vesentlege ressursar på rekruttering av elevar frå yrkesskulen. Me har til ei kvar tid elevar på utplassering for å presentera oss som ein attraktiv arbeidsgjevar. Me er også på messer for utdanning og bedrifta fokuserar på synlegheit i lokalsamfunnet via sosial medier.

Les også:

westcon trønderbas westcon power & automation ecofive