«Go'vakker Thora»

Byferga gjekk på grunn

Dette har skjedd ved Fjedlberg utanfor Fredrikstad. 11 personar er berga, skriv Fredrikstad Blad.

Publisert Sist oppdatert

Til avisa fortel sjef for byferjene, Runar Helgesen, at 11 passasjerar var om bord då den gjekk på grunn, og at det går bra med alle. 

Det var «Go'vakker Thora» med avgang frå Ålekilen mot Gamlebyen 06:45 som gjekk på grunn.

Ifølgje Helgesen gjekk det roleg for seg, og alle dei 11 passajerane vart evakuerte om bord i ein arbeidsbåt dei måtte sjøsetja for anledninga. 

Han peikar på at det farlegaste med situasjonen var at dekka på ferja og i arbeidsbåten var glatt. 

Kva som er årsaka til grunnstøytinga er framleis ikkje kjend. Ferja grunnstøytte på leirbotn, så det har ikkje vore dramtikk opplyser Helgesen. 

Ferja vart trekt av grunnen klokka 08.34. Den skal no på land for å undersøkja om den har tatt skade av hendinga, skriv NRK.