– Kvifor høyrer dei ikkje på oss når me fortel om konsekvensane frå det dei trer ufrivillig ned over oss

Eg hugsar framleis dagen eg las i Sogn Avis at hamnevesenet no ville tilsette ein assisterande hamnesjef. Eg var då nyutdanna frå reiselivslinja i Sogndal og jobba i reiselivet i Flåm. Stadig fekk eg høyra om desse flytande og forureinande hotella som pressa seg inn fjordane våre slik at dei «gode» turistane skydde Flåm som pesten.

Publisert Sist oppdatert

Siloballar, veggar og tak var dekorert med No Cruise Shit og skilt med No Grande Navi sto i fleire hagar. Likevel såg eg på dette som ein moglegheit som pirra den unge entusiastiske Stedje. Eg hadde kjempa nokre kampar før på fleire plan og som fallskjermhoppar, skikøyrar og våghals tenkte eg at dette var ein utfordring for meg. Eg tok difor opp telefonen og fekk audiens på kontoret hjå sjølvaste Hamnesjef Johnsen. Eit par veker seinare var jobben min.

Eg tredde uredd inn i manesjen, men merka fort at det dåverande styreleiar sa om å ha tjukke øyre stemte godt. Kor enn du gjekk var det nokon som hadde ei meining og kvar dag var det ei ny utfordring, men eg lot meg ikkje påverke. Sjølv om eg ved fleire høve blei sittande i bilen utanfor Spar, fordi eg ikkje orka ta diskusjonen som eg veit kom om eg gjekk inn. Men eg hadde satt meg eit mål. Eg skulle gjere ein forskjell for hamna og destinasjonen og omdømmet til cruise skulle endrast. Sjølv om eg no ser det var mykje handling før tenking, skot frå hoftepartiet og høglytte diskusjonar lot Hamnesjef Johnsen meg halde på entusiasmen og pågangsmotet. Det blei litt prøving og feiling, men eg vaks vel på det.

Når Johnsen gjekk av med pensjon skulle det finnast ein erstattar. Det blei spekulert i om eg var den naturlege arvtakar, men slik blei det ikkje. Nokre av styremedlemmene tykte nok eg ikkje var turr nok bak øyra og kanskje litt for uslepen til å tre inn i ei slik viktig rolle. Eg vil nok ikkje seia meg ueinig i det den dag i dag, men då vart det forventa at eg skulle ta det som eit nederlag og eg kunne nok ha tilpassa meg stillinga. Men dette er noko eg er glad for at eg ikkje gjorde. Det er mykje eg har sagt og gjort den dag i dag, som eg ikkje kunne om eg hadde vore litt meir skolert og tam. Noko som eg trur har gagna hamnestellet og cruise destinasjonen.

Eg tør og den dag i dag sei at etter ei stund i jobben, so merka eg at cruise fekk meir og meir aksept i lokalsamfunnet vårt og fleire næringsdrivande kunne faktisk seia at dei dreiv med cruise med heva stemme. Nokon fekk av det resterande reiselivet i regionen passet påskrive for det, men cruise var på riktig veg. Det var viktig for meg å tre fram, fortelje folk kva me dreiv med og være audmjuk for kritikk. Sjølv om eg er og var cruise entusiast, såg eg tidleg kva som var rett og galt. Det var feil å ta inn to til tre store skip samstundes til Flåm medan Flåmsbana og Flåm allereie var fulle av andre turistar. Jakta på nye rekordar i anløp og passasjerar tok kanskje litt overhand hjå fleire hamner og eg forstod at ein røykfylt fjord kanskje ikkje er so sexy som den ein har sett på skjermen eller i fancy brosjyre. Skulle cruise bli stuereint og ein ikkje skulle bli oppringt av media, få sure telefonar og lese negative kommentarar i sosiale medier, måtte det endringar til. Det var naudsynt med reguleringar og Enova støtte til landstraumen måtte på plass. Rekordar skulle i Flåm målast på sesongutviding, opplevinga til gjesten, handteringa av skipa, omsetninga til lokale bedrifter og forbruk pr. passasjer. Dette har Flåm lukkast med. Det var og viktig at det å være ein cruisedestinasjon skulle gagne heile kommunen på tvers av sektorar.

Hamnesjefstillinga kom nok ein gong på bordet, men for meg vart det ikkje aktuelt å søke på denne. Eg måtte tenke på kva som var best for hamnevesenet. Eg jobba for å få rett mann til å ta dette eit steg vidare, og hadde lagt merke til ein handlekraftig, strategisk kar som jobba på teknisk etat. Ein uredd tall knusar og excel entusiast som hadde både utdanning og pågangsmot til å tre uredd inn i jobben som hamnesjef. Nett før koronaen traff vart Tor Mikkel Tokvam tilsett. At han blei hamnesjefen utan skip, var vel ikkje akkurat noko som slo uheldig ut i vår situasjon. Dette gjorde at han fekk tid til å tileigne seg kunnskap, ta ting litt etter litt og å få eit solid fotfeste i bransjen før det braka laus att. For sesongen 2022 vart det ein reduksjon, grunna innføring av nye krav, men denne var forventa og Flåm var inkludert og orientert kring avgjersla for regulering. Dette gjorde nok at denne sesongen blei den beste sesongen for både hamnestell, næringsliv og omdømme.

Når eg ser tilbake er det som gjer meg mest stolt i den jobben eg har er når eg er ute og reiser på vegne av cruisedestinasjonen Flåm. Når eg då går gjennom messehallen i til dømes Miami eller Hamburg, nikkar folk anerkjennande til meg. Ikkje fordi eg er ein kjekk kar, fin i tøyet og ser representabel ut, men fordi eg er frå Flåm. Når eg snakkar lyttar reiarlaga, når eg viser bilete seier dei «Oh my God» og når eg fortel dei korleis me ynskjer dei skal oppføra seg og kva dei skal oppleve so seier dei «sure we can».

Det som og gjer meg stolt er at cruise er ein akseptert del av reiselivet i regionen og me tørr stille spørsmål kring etablerte næringskjeder og tenkje annleis. Me har både dekning og vilje til å ta investeringar som vil gje merksemd i ein verdsomspennande bransje. Sist og ikkje minst kan me stå rakrygga å sei at på vegne av Aurland Kommune, næringsliv og innbyggjarar skal me bli verdens beste cruisedestinasjon som hamner i heile verda vil sjå opp til. Ei hamn som tørr setje krav, som har dialog med reiarlaga, som kan dokumentere at me har redusert utsleppa, som har høgast forbruk per passasjer og er ei hamn som er i posisjon til å legga føringar og å endra cruisenæringa.

Ja, det har kosta, men det har gitt resultat. Me har kjempa, sove dårleg, skreve sider opp og ned på e- postar og dokument, ordføraren har køyrt fram og tilbake til Oslo nattetid, Etablering av landstraum har vore på trappene fleire gonger og eg har aldri tenkt tanken på å gje opp.

Men meldinga frå sentralt hold som no er komen gjer at tanken på å gje opp aldri har vore sterkare. No må me endå ein gong må inn i manesjen. Endå ein gong må me setta planane våre på vent. Endå ein gong blir etablering av landstraum utsatt, endå ein gong veit me at det blir søvnlause netter, mindre tid til familie og knallhard jobbing.

Sjølv me kan ikkje trylle, sjølv me kan ikkje kompensere eller møte reiarlaga på halvegen grunna betydelege meirkostnadar, sjølv me kan ikkje leve med ein reduksjon av trafikk på over 75% over fleire år.

Difor lyt ein spør seg følgande. Kvifor har me jobba so forbanna hardt for å oppnå det me har oppnådd, kvifor ser dei ikkje kva me har utretta og kvifor høyrer dei ikkje på oss når me fortel om konsekvensane frå det dei trer ufrivillig ned over oss. Kvifor har dei latt seg lure av utopi frå teknologiindustrien og andre som ikkje ser seg tent med at me får sitte i førarsete. Alt dette på kostnad av eit ekte, blømande, resultatgivande, handlekraftige og entusiastisk lokalsamfunn innerst i ein fjord på vestlandet.

Det er ikkje berre ei grein som blir kutta av, det er og vilje, motivasjon og pågangsmot. Sakte men sikkert vil det som treet visne vekk om såra og påkjenninga blir for store.