Vil ha meir Ulstein-design
I mars 2026 signerte Jan De Nul ein kontrakt på bygging av eit spesialtilpassa subsea trenchingfartøy frå Ulstein Design & Solutions AS. I denne kontrakten låg også ein opsjon på eit fartøy nummer to. På Wind Energy-messa i Hamburg måndag annonserte Jan De Nul at dei går for denne opsjonen.
Avgjerda styrkar samarbeidet mellom dei to selskapa og bygger vidare på den designplattforma som er utvikla, heiter det ei pressemelding.
Fartøyet er utvikla for å støtte omfattande grøfteoperasjonar, mellom anna installasjon og vern av undersjøiske kraftkablar, rørledningar og telekommunikasjonskablar. Med stor dekksplass og høg dødvektkapasitet vert skipet ein robust plattform for effektive operasjonar i offshoremiljø.
Rolf Petter Almli, salssjef i Ulstein Design & Solutions AS, set stor pris på at Jan De Nul har tillit til Ulstein sine skipsdesign og løysingar.
– At denne opsjonen no blir realisert, er eit tydeleg teikn på kvaliteten i arbeidet som er utført i begge organisasjonane, og viser verdien av å kombinere velprøvde designplattformer med kundetilpassa løysingar, seier han.
Utforma for fleksibilitet og framtidige behov
Fartøydesignet byggjer på eit modulært konsept som gjer det mogleg å støtte eit breitt spekter av offshoreoperasjonar.
Fartøyet er tilpassa Jan De Nul sine grøfteoperasjonar på havbotnen og er utvikla for å levere høg presisjon, effektiv drift og operasjonell fleksibilitet. Skrogforma ULSTEIN X-BOW® gir gode sjøeigenskapar, høg komfort om bord og redusert drivstofforbruk.
Lågare utslepp
Det nye skipet vil støtte Jan De Nul sine mål om å redusere miljøpåverknaden.
Fartøyet er eit Ultra‑Low Emission vessel med avansert teknologi for utsleppsreduksjon og evna til å bruke biodrivstoff og grøn metanol.
Styrkar eit partnarskap i utvikling
Utløysinga av opsjonen markerer endå ein milepæl i samarbeidet mellom Jan De Nul og Ulstein Design & Solutions AS.
Ved å velje eit fartøy nummer to basert på den same designplattforma, styrkar Jan De Nul satsinga si på effektive og framtidsretta offshoreløysingar, samstundes som selskapet bygger vidare på eit designkonsept tilpassa eigne operative behov.