Sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim er nøgd med at to av tre tiltak i Nasjonal handlingsplan for sjøsikkerheit er fullførte eller påbegynte, men samstundes utolmodig etter å få endå fleire tiltak sette i verk.

Nullvisjonen: – Både nøgde og utolmodige

Den nasjonale handlingsplanen for sjøsikkerheit tredde i kraft 1. januar 2025. Halvanna år seinare er 60 prosent av tiltaka anten fullførte eller påbegynte.

Publisert

Då handlingsplanen vart gjeldande for snart to år sidan, vart han det viktigaste styringsdokumentet for styresmaktene sitt arbeid med sjøsikkerheit.

– Null omkomne og hardt skadde til sjøs er det einaste talet me kan akseptere. Det er ein offensiv ambisjon, men ein ambisjon me står inne for, seier sjøfartsdirektør Alf Tore Sørheim i ei pressemelding.

Felles verktøykasse med tiltak

Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Fiskeridirektoratet, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og politiet har alle sine dedikerte samfunnsoppdrag.

Nullvisjonen gir dei òg eit felles mål om å redusere talet på hardt skadde og omkomne til sjøs.

Prosjektleiar for Nullvisjonen, Anders Amundstad-Balle, under Maritim uke i september.

– Handlingsplanen er vår felles verktøykasse med tiltak og verkemiddel for å styrkje tryggleiken for alle typar fartøy. Ved inngangen til november 2026 har Sjøfartsdirektoratet motteke over 1000 ulukkesrapportar, registrert 26 omkomne frå fritidsfartøy og fire frå næringsfartøy. Me ser at 35 prosent av personulukkene fører til sjukefråvær, seier Anders Amundstad-Balle.

Han er seniorrådgjevar i Sjøfartsdirektoratet si avdeling for risikostyring og analyse, og prosjektleiar for Nullvisjonen.

Må gi konkrete resultat

Sidan 1. januar 2025 er altså to tredelar av dei totalt 77 tiltaka i handlingsplanen anten fullførte eller påbegynte. Sju er fullførte, 39 er påbegynte og under arbeid, medan 31 tiltak førebels ventar på sin tur.

Når det gjeld dei fullførte tiltaka er det mellom anna vedteke å innføre eit obligatorisk småbåtregister. Evalueringa av båtførarbeviset har resultert i konkrete forslag om ein praktisk del i båtførarprøven og redusert høgfartsgrense.

Det er òg innført skjerpa reaksjonar ved regelbrot på sjøen for førarar av fritidsfartøy, og det er etablert ein nasjonal maritim verneombodskonferanse.

– Me er nøgde med at ein stor del av tiltaka i handlingsplanen er under arbeid, men me er òg utolmodige. Ulukkestala er framleis ikkje der me ønskjer at dei skal vere. Difor må tiltaka omsetjast til konkrete resultat i form av færre dødsfall og færre alvorlege personulukker, seier sjøfartsdirektør Sørheim.