«Havila Capella»

Ny rettsleg avklaring for Havila Kystruten

Havila Kystruten skriv i ei børsmelding at High Court of Justice i London no har sendt ut ein kjennesle for «Havila Capella» og «Havila Castor».

Kjennelsene som no ligg føre frå London for «Havila Capella» og «Havila Castor». vert søkt akspetert av Irsk rett, slik dei gjorde for «Havila Polaris» og «Havila Pollux».

Begge kjennelsane gjer at Havila Kystruten, ved eit oppgjer av eksisterande gjeld mot frosne konti, har rett til å overta eigedomsretten til alle fire skipa, og at etablerte sikkerheitar vert frigjevne.

Selskapet har tidlegare meldt at dei har søkt den Irske Sentralbanken om lisens for å få sikkerheitane frigjevne slik at alle rettigheitar til skipa vert overteke når gjelda vert innløyst. Når linsensane ligg føre kan refinansiering koma på plass og skipa kan overtakast.

E24 skriv at utfordringane knyttar seg til sanksjonane mot det russiske leasingselskapet GTLK, som opprinneleg stod for finansiering av skipa. Gjelden til det russiske leasingseslskapets avdeling i Irland må innbetalas til ein sperra konto i EU.