Han er ny administrerande direktør i Zinus
Tidlegare i år vart det kjent at administrerande direktør Endre Eidsvik ville trappa ned etter fem år i Zinus. Selskapet starta då prosessen med å finna hans etterfølgjar.
– Etter ein grundig og solid rekrutteringsprosess har vi no gleda av å ønskja Gunnar Hviding velkomen som ny administrerande direktør i Zinus, seier styreleiar Toril Eidesvik.
Hviding har lang og brei erfaring som leiar og styreleiar i ei rekkje selskap, med særleg tyngd innan internasjonalisering av norskutvikla teknologi. Fram til 2010 var han administrerande direktør i det børsnoterte selskapet Roxar. Dei seinare åra har han hatt fleire leiar- og styreverv i selskap eigde av oppkjøpsfond, mellom anna i Techouse Group, Resman, MirMorax og Blueday. Han er i dag styreleiar i Lervig og styremedlem i Zaptec. Han har mastergrad i kjemiteknikk (MEng) frå Imperial College London og ein MBA frå INSEAD.
Zinus går inn i ein ny fase etter sitt beste år nokon gong, prega av sterk vekst, vidare internasjonalisering og ei styrkt eigarside.
– Styret vil retta ei stor takk til Endre Eidsvik for den sterke utviklinga Zinus har hatt under hans leiarskap. No er me trygge på at Gunnar Hviding er klar for å overta stafettpinnen og vidareutvikla selskapet til neste nivå, avslutter styreleiar Eidesvik.
Gunnar Hviding tok til i stillinga 4. mai.