Grovfjord Mek. Verksted.

Gjekk konkurs i sommar, no har dei fått nye aksjonærar

Grovfjord Mekaniske Verksted har fått Northern Lights Salmon AS inn på eigarsida. Saman med Grovgaarden AS skal GMV 2.0 driva verftet vidare.

Publisert Sist oppdatert

- Det nye selskapet skal spisse sin satsning mot oppdrettsnæringa. Med kapitalen som er tilført har GMV 2.0 den soliditeten me treng for å kunne jobba 100 prosent med det me kan best, utvikla oppdrettsbåtar, skriver selskapet på sin nettstad.

Saman med DnB i Svolvær har dei funne tilfredstillande finansielle løysingar. I tillegg går banksjef i DnB Jann Arne Bardo inn i styret saman med eigarane. 

Fleire kjem tilbake

I 2021 gjekk verksemda med eit underskot på 18,7 millionar kroner. Grovfjord Mekaniske Verkstad, som vart etablert i 1919, gjekk konkurs i sommar.  Styret melde i sommar at den samla gjelden var på 68,7 millioner kroner, og at verdien på verksemda var 44,8 millionar kroner. 

Det var då 50 tilsette i verksemda. 

- Me er glade for at mange flinke tilsette har signalisert at dei vil koma attende til GMV no som grunnlaget for ny drift er på plass. Me føler oss veldig trygg på at GMV 2.0, med nye eigarar og våre dyktige båtbyggjarar, har ei framtid i næringa, og ser fram til å samarbeida vidare med både eksisterande og nye kundar, skriver selskapet.

Frå kunde til eigar

Northern Lights Salmon har vore ein av deira største kundar, og har tinga åtte båtar av dei i perioden 1999-2022.

Den første var oppdrettsbåten «Aud Margrethe». Dei testa òg prototypen GMV Zero, som var verda første reine batterielektriske fartøy, i 1,5 år, skriv Grovfjord Mekaniske Verksted i en pressemelding. 

Dei peikar på viktigheita av gode og krevjande kundar i nærområdet som tør å satsa på nye fartøystypar.