
Ulstein og Larsnes samarbeider om nye standardfartøy
Ulstein Group og Larsnes Mek. Verksted jobbar saman om å kunne levere dei 28 standardfartøya for Sjøforsvaret. Dette markerer starten på eit tett samarbeid mellom to av Noregs mest erfarne og moderne verft, med mål om å levere framtidas marinefartøy til Forsvaret.
Forsvarsmateriell (FMA) gjennomførte tidlegare i år ei marknadsundersøking for å kartlegge industrien sine evner til å levere til det omfattande fartøyprogrammet. Ulstein og Larsnes leverte eit felles svar, og har sidan hatt fleire møte med FMA for å diskutere korleis eit slikt oppdrag kan løysast i samarbeid
– Vi ser dette som ei strategisk viktig moglegheit for norsk verftsindustri, og er klare til å levere både kvalitet og kapasitet i tråd med Forsvaret sine behov, uttalar administrerande direktør Lars Lühr Olsen i Ulstein Verft og dagleg leiar Jarle Gunnarstein i Larsnes Mek. Verksted i ein felles pressemelding.
Moderne fasilitetar og internasjonalt samarbeid
Begge verfta har moderne fasilitetar med overbygde tørrdokker som er ideelle for bygging og utrusting av denne typen marinefartøy. Dei har også lang erfaring med komplekse nybyggingsprosjekt og eit sterkt engasjement på ettermarknadssida, inkludert reparasjonar, dokkingar og ombygging av fartøy.
Eit viktig element i samarbeidet er at begge selskapa har langsiktige og pålitelege forretningsforbindelsar i Gdynia–Gdańsk-området i NATO-landet Polen, der skrogproduksjon kan bli gjennomført effektivt og kostnadsoptimalt. Dette gir fleksibilitet og skalerbarheit i leveransane, samtidig som sluttmontering og utrusting skjer ved dei norske verfta. Trass i at skroga blir produserte i Polen, er det opp mot 75-80 % norsk verdiskaping i dei kommersielle prosjekta.
Om fartøya og selskapa si erfaring
Den typen marinefartøy som no blir etterspurt av Sjøforsvaret, er standardiserte, fleksible plattformer som kan tilpassast ulike oppdrag – frå logistikk og støtteoperasjonar til overvaking og beredskap. Fartøya skal kunne operere effektivt i norske farvatn og under krevjande klimatiske forhold, og vil spele ei viktig rolle i å styrke Forsvaret si operative evne og uthaldenheit.
Ulstein Group og Larsnes Mek. Verksted har begge lang erfaring med komplekse nybyggingsprosjekt, men i ulike segment av den maritime industrien. Ulstein har levert avanserte offshore- og spesialfartøy med høg teknologisk kompleksitet, medan Larsnes har spesialisert seg på moderne fiskefartøy og brønnbåtar med høg funksjonalitet og driftssikkerheit. Denne komplementære erfaringa gir eit solid grunnlag for å møte krava til moderne marinefartøy.
Synfaring og vidare prosess
Torsdag 12. juni 2025 gjennomførte FMA ei synfaring ved begge verfta. Besøket inkluderte omvising i fasilitetane og samtalar om korleis eit eventuelt samarbeid kan organiserast for å møte Forsvaret sine krav til kvalitet, leveringssikkerheit og nasjonal verdiskaping.
– Styrken vår ligg i at vi utfyller kvarandre og har ein felles ambisjon om å bidra til nasjonal beredskap og industriell utvikling. Saman kan vi levere eit robust og framtidsretta fartøyprogram for Sjøforsvaret, seier representantane frå Ulstein og Larsnes.