Maria Bos og Tom Hutchison er solt over det første landstraumanlegget for offshore-skip i Skottland.

No er norsk landstraum kommen til Skottland

Eviny sitt dotterselskap Plug har saman med Montrose Port Authority (MPA) bygd Skottlands første landstraumanlegg for offshoreskip.

Publisert Sist oppdatert

No står anlegget klart og dei første skipa er kopla til. Anlegget skal bidra til å minska skadeleg utslepp og støy frå hamnedrifta, og dessutan redusera drivstofforbruket betydeleg, skriv Eviny i ei pressemelding. 

– Lansering av landstraum ved kai 1 og 2 representere ein milepåle for både Montrose og den skotske maritime industrien. Ved å omfamna innovative løysingar som landstraum reduserer ikkje berre vårt eige miljøavtrykk, men posisjonerer også hamnene i Montrose som leiande og berekraftig hamn, seier administrerande direktør i MPA, Tom Hutchisoner.

Landstraum gjev fartøya moglegheita til å slå av motoren sine og kopla seg til straumnettet medan dei ligg til kai i hamnene. 

Plug Montrose, som er eit selskap eigd 50/50 av Plug og MPA har investert om lag ein million pund i landstraumanlegget som i første omgang kan betena to skip samstundes.

Anlegget er utelukkande finansiert av partane utan nokon form for offentleg stønad, og dette er plugs første landstraumanlegg utanfor Noreg.

MPA er ifølgje pressemeldinga ei leiande hamn på anker og kjetting, og ei viktig supply- og logistikkhamn for aktivitetane i Nordsjøen. Dette gjer at ein stor andel Norske skip jamleg vitjar hamnene, står det i pressemeldinga. 

For MPA er investeringa i landstraum eit viktig steg på vegen mot å bli Skottlands første karbonnøytrale hamn. Det har vore viktig for å svara opp etterspurnaden etter tenester frå fartøy som er vand med slike fasilitetar i hamna utanfor Storbritannia, særskild i Noreg. 

Det norske fartøyet, «Magne Viking» frå Viking Supply Ship, vart det første skipet som kopla seg til anlegget i testfasen.

Dagleg leiar i Plug, Maria Bos er glad for samarbeidet med MPA. 

– Landstraumanlegget representerer ikkje berre eit viktig bidrag til ein meir berekraftig hamn i Montrose, men også eit bevis på krafta i samarbeid. Me ser fram til å halda fram å støtta MPA i å nå sitt mål om bli Skottlands første karbonnøytrale hamn, og dessutan utvida verksemda vår til andre hamner i Storbritannia.