«Edda Boreas»

Har overteke «Edda Boreas»

Torsdag annonserte Edda Wind i ei pressemelding at dei no har overteke «Edda Boreas» frå Godan Shipyard. Fartøyet er det andre av seks søsterskip som vert levert frå det spanske verftet.

Publisert Sist oppdatert

«Edda Boreas» er av Salt 0217 design og har byggjenummer C490 fra Gondan Shipbuilders. Fartøyet er 88,3 meter langt, 19,7 meter breitt, og rommar 120 personar.

Den nye CSOVen skal starta installasjon av bevegelseskompenserande landgang- og kransystem etter å ha reist frå verftet i Spania. Etter dette vil fartøyet byrja arbeidet ved Dogger vindpark i mai. Her skal det vera i minimum to år.

«Edda Boreas» er designa med fleksibilitet og drift som gjer det i stand til å handtera vindparkar over heile verda, kjem det fram i pressemeldinga.

Fartøyet er skodd for nullutsleppsoperasjonar med hydrogen som energiberar i eit Liquid Organic Hydrogen Carrier (LOHC) konsept. Konseptet er tatt i bruk av Edda Wind då det passar med verksemda sine strenge kriteriar for å sikra drift, logistikkløysingar og uthald.

– Operatørar leitar kontinuerleg etter meir effektive måtar å betra vindparkdrifta, redusera driftskostnadane og miljøfotavtrykket. Våre spesialdesigna offshore vindservicefartøy gjer akkurat dette. Me ventar at etterspurnaden etter spesialiserte servicefartøy vil auka yttarlegare, og me er godt posisjonert for å utnytta denne trenden, seier administrerande direktør i Edda Wind, Kenneth Walland.

Les også:

edda wind edda boreas