– Det er litt artig. Då me byrja var ikkje miljø eit fokusområde i det heile teke.No er det, det viktigaste.
– Tanken var ein måte å vaska ting i havet på utan at ein forureina. Me fekk attendemelding att dette var ei løysing for framtida. Problemet låg i oppsamling av biomassen og preserveringa av bunnstoffet. Det er lett å vaska under vatn, men ikkje å samla opp og vaska utan og øydeleggja bunnstoffet.
– Men, de fekk løyst det?
– Ja, og det har me bevist no, etter å ha serva meir enn 1000 skip og jobba frå sør i Frankrike til England, Nord-Noreg. Me jobbar og tett med mariner i både Frankrike, UK og USA.