Foto: Sigbjørn Larsen
Dof bykser første børsdag
Etter første handelsdag for nye Dof, eller Dof Group, som dei heiter på Oslo Børs, har det vist seg at det var lurt å takka nei til tilbodet til Subsea 7 på 35 kroner per aksje.
Klokka 1602 er aksjen omsett for 105 millionar kroner, med eit omsetnadsvolum på 2,8 millionar aksjar, ifølgje Euronext sin handelsstatstikk.
Allereie frå start klatra aksjen raskt opp 10 kroner over tegningssummen på 28 kroner. Dof har med det gått opp over 30 prosent første dag, og det på ein raud dag på Oslo Børs.
I skrivande stund ligg aksjen på 36, 8 kroner per aksje.