Sandra Brattland i Carnival Group.
Foto: Anders Huke
Drøfta utfordringane og moglegheitene cruisenæringa går i møte
Etter innlegget til Sandra Bratland frå Carnival Group Norway, på Erfaringskonferansen 2023, var det duka for paneldebatt.
Bratland skulle saman Rolf Sandvik frå Northern Xplorer, Daniel Garden frå Cruise and Ferry Group i Blue Maritime Cluster og Andrew Williams frå Informa Markets drøfta korleis næringa møter nye utfordringar som til dømes nullutsleppskrava i verdsarvfjordane.
– Kva er nullutslepp? No er de føreslått ein overgangsperiode der ein kan nytta biogass. Me har LNG skip som kan nytta det, problemet er berre at me ikkje har leverandørar. Det vil seia at me ikkje kan segla inn i fjordane frå 2026, sa Bratland.
Andrew Williams peika på at krava, frå eit finansperspektiv, er i tråd med tida, og korleis investorar no er opptekne av den grøne profilen til verksemdene og deira framtidige satsingar.
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
199,-
per måned. Første måned 4,-
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Bedrift
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP