Den autonome ferja vil romma 25 passasjerar.

Skal vera først med kommersiell autonom ferjedrift

Reiarlaget Torghatten og autonomileverandør Zeabuz står bak det nye prosjektet til Brødrene Aa.

Publisert

Sistnemnde har stått for design og konstruksjon og skal no bygga den første kommersiellt drifta autonome passasjerferja som skal gå midt i Stockholm.

Fartøyet skal byggast som ein elektrisk katamaran med ein kapasitet på 25 personar og skal etter planen stå ferdig april 2023, skriv Brødrene Aa i ei pressemelding.

Kvar dag

Båten vert heilelektrisk og skal kvar dag gå i 15 timar kontinuerleg drift mellom Kungsholmen og Søder Mellarstrand i Stockholm. Den vert 12 meter lang og får eit ope, overbygd passasjerdekk med på-og avstigning i begge endar.

Båten skal i første omgang alltid ha ein kaptain ombord, medan turane vert overvåka av eit kontrollrom. På sikt er tanken at alt vert styrt frå eit kontrollrom på land.

Brødrene Aa skriv i pressemeldinga att dette er ein spanande kontrakt som gjer at dei no kan syna fram eit nytt konsept for byar som ynskjer å nytta vassdraga sine betre.

Norsk eksportvare

– Noreg ligg i front når det gjeld utvikling av autonome fartøy, og me har kome langt i utviklinga av lasteskip. No tek me dette til neste nivå med testing og utvikling av kommersielle, førarlause passasjerferger. Me er stolte av dette prosjektet der reiarlag, teknologileverandør og verft blir eitt norsk eksportprodukt til Stockholm, seier Reidun Svarva, leiar for forretningsutvikling i Torghatten.

Det norske teknologiselskapet Zeabuz leverer det autonome systemet til passasjerferja. Selskapet utvikla seg frå det maritime forskningsmiljøet på NTNU. Saman med universitetet har Zeabuz allereie utvikla ei autonom testferje som går i Trondheim.

Prosjektet i Stockholm skil seg ut ved at det blir den første autonome ferja med kommersiell drift.

Den vert 12 meter lang og får eit ope, overbygd passasjerdekk med på- og avstigning.

– Me har lært mykje av prosjektet vårt i Trondheim, og er no klare for å ta neste steg i å lage verdas første kommersielle autonome byferje. Teknologien vil stort sett vera den same, men i Stockholm skal me testa autonomisystemet i dagleg drift, med passasjerar på ein måte ingen andre har gjort før Det blir veldig spanande, seier administrerande direktør i Zeabuz, Erik Dyrkoren.

Nye marknadsmoglegheiter

– For Brødrene Aa er dette også eit veldig spanande prosjekt, der me tek i bruk den teknologiske kompetansen og erfaringa me har i å byggja energieffektive hurtigferjer, og får kombinera det med det siste innan autonome løysingar, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa.

Dei skriv og at det er spanande framtidsmoglegheitar for denne type fartøy, i ei tid der stadig fleire byar ser på betre utnytting av vassdrag som transportmiddel.

– Avtalen har difor stor strategisk verdi, der me saman med Torghatten og Zeabuz kan demonstrere teknologiske moglegheitar.

Store miljøgevinstar

Prosjektet med autonome ferjer i Stockholm vekkjer også internasjonal interesse. Rundt 90 prosent av alle byområder ligg ved vassdrag, men på grunn av omfattande utslepp og høge driftskostnadar vert desse vassvegane alt for lite nytta, skriv dei i pressemeldinga.

– Med autonomi kan du redusera driftskostnadane og gjera ferjene meir lønsame og du kan tilby avgangsfrekvensar som er tilpassa publikums behov. I tilegg vil slike ferje gå utsleppsfritt.