Lars Gørvell-Dahll, er ny styreleiar i Brødrene Aa. Foto: Norsk Industri

Ny styreleiar i Brødrene Aa: - Spennande og utfordrande

Lars Gørvell-Dahll blei på generalforsamling i går vald til ny styreleiar i Brødrene Aa AS.

- Styreleiarvervet i Brødrene Aa er noko av det mest spennande og utfordrande ein kan ha i norsk maritim industri, seier Grøvell-Dahll i ei pressemelding.

I tillegg til ny styreleiar, tar Stig Rune Aa over som styremedlem etter Ole Matias Aa.

Kjend namn

Den nye styreleiaren er ikkje ukjend i den maritime næringa. Gørvell-Dahll gjekk nyleg av som direktør for Maritim Bransjeforeining i NHO, ei stilling han hadde i åtte år. Før dette kan han sjå tilbake på ei lang karriere i sentrale leiarroller i mellom anna Kongsberg-gruppa og tidlegare Kværner.

- Verftet kan skilte med fleire nyvinningar og har vist ein imponerande evne til å realisere ny teknologi og konsept. Ikkje minst innan låg og nullutslepp har verftet synt veg. Eg ser fram til å bli med på denne reisa vidare, seier Gørvell-Dahll.

Tre tiår

Avtroppande styreleiar, Leif Riksheim, gjev frå seg roret etter nærare 30 år bak seg som styreleiar i selskapet.

- At Leif Riksheim ynskjer å gå av er noko vi naturlegvis har forståing for. Riksheim har gjort ein formidabel innsats, og vore ein viktig støttespelar for selskapet og oss som eigarar gjennom tre tiår. Det er vemodig å avslutte eit kapittel, men vi er samstundes svært takksame for innsatsen Riksheim har lagt ned og verdiane han har vore med på å skape, seier Ole Matias Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa Eiendom.

Brødrene Aa Eiendom AS er Aa-familien sitt felles holdingselskap, og største eigar i Brødrene Aa AS med 60 prosent av aksjane. CKS Invest Norway eig den andre posten på 40%.

Takkar for seg

Brødrene Aa har dei siste par åra vore gjennom ein utfordrande periode med naturskade, pandemi og generelt lågare etterspurnad etter nybygg. Men no er ordreboka fylt og aktiviteten ved verfta vil bli høg dei komande åra.

- Eg ynskjer selskapet alt godt vidare, seier Riksheim, i pressemeldinga.