Foto: Bømlo Skipsservice
Dei siste åra har verftet gjort store investeringar - no er dei skodde for framtida
I helga kan du vitja Bømlo Skipsservice og få sett dei nye investeringane deira.
Selskapet jobbar med service, reparasjonar og ombygging av fartøy. Dei har dei seinaste åra brukt mykje peng på å oppgradera, utvida og sko seg for framtida.
Dette har kosta omlag 150 millionar ifølgje dagleg leiar Sveinung Vestbø.
- For oss er det mykje å investera 150 millionar, men Noreg er eit høgkostnadsland og då må me ha effektive prosessar både via gode fasilitetar og kompetanse for å vera konkurransedyktig på sluttfakturaen og for å tilby allsidige tenester. Me har trua på framtida.