Den autonome ferja vil romma 25 passasjerar.

Har starta testing av den autonome ferja

Alt skjer virtuellt.

Publisert

I slutten av november skreiv Skipsrevyen om det nye samarbeidsprosjektet til Torghatten, Zeabuz og Brødrene Aa.

Dei skal byggja den første kommersiellt drifta autonome passasjerferja, som skal gå midt i Stockholm. Fartøyet, som skal byggjast som ein elektrisk katamaran, skal romma 25 passasjerar og vera klar i 2023.

No har Zeabus starta virtuell testing av det autonome fartøyet.

– Vår virtuelle ferje nyttar det same autonomisystemet som den verkelege ferja skal, når me køyrer i vår virtuelle Stockholms skjærgård. Dei virtuelle omgjevnadane utviklast uavhengig av ferjesystemet. Akkurat som i det verkelege liv, veit ikkje vår virtuelle ferje kva den kan støyta på når den forlet land. Det kan vera ei bøye, andre båtar, ender eller kajakkpadlarar. Som i livet er virtuelle hindringar uforutsigbare. Difor køyrer me utallige virtuelle ferjeturar for å testa, justera og verifisera korleis den autonome Stockholm-ferja vil oppføra seg når den er lansert. Om ferja kan handtera det trygt virtuellt, kan den handtera det trygt i det verkelege liv, skriv Zeabuz på LinkedIn.