Evakuerte marinebase etter melding om lekkasje

Potensiell ammoniakklekkasje var årsaka til evakueringa.

Klokka 07.20 melde NRK at marinebasen Haakonsvern i Bergen vart evakuert etter ein ammoniaklekkasje. Det skulle då dreia seg om ein mindre lekkasje. Både deira eige brannvesen samt ekspertar frå Laksevåg stasjon har tatt del i arbeidet, skriv NRK.

Litt over åtte skriv dei at det ikkje er ein ammoniakklekkasje. Det heile skuldast truleg ein teknisk feil.