Ombyggingskø på Bømlo

Wärtsilä har ventelister på miljøombygging av skip.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Wärtsilä på Bømlo melder om stor pågang av reiarlag som vil bygga om båtane sine til meir miljøvennlege fartøy.

– Me har alt bestillingar inne for 2010, melder direktør Sveinung Hansen til avisa Sunnhordland.
Det var i fjor sommar at myndigheitene og næringslivet vart einige om å oppretta eit NOx fond for å få ned forureininga til havs. Partane i Noreg har inngått forpliktingar om å redusere utsleppa av avgassane NOx med heile 30.000 tonn i perioden 2008-2011. Fondet vil disponera rundt 1,8 milliardar kroner fram til 2011.

Over 100 motorar

For å oppnå dette målet er det innført en avgift på utslipp av NOx. Etter en miljøavtale mellom myndigheitene og næringslivet, skal avgiftspengane gå inn i et nonprofitfond som gir støtte til tiltak for å redusere NOx-utslipp. Ordninga er laga slik at ein i utgangspunktet må betala inn rundt 15 kroner per kilo med NOx som ein slepper ut, om ein er med i dette fondet vert denne summen monaleg redusert. Reduseringstiltak som vert gjennomført etter 31. mars i år, kan få opp til 80 prosent støtte. På Bømlo har dei alt bygd om gamle Wichmann-motorar sidan 1998.

– Me har bygd om over hundre motorar, fortel Hansen.


Har livstidsansvar

– Det heile har akselerert etter at avgifta vart innført, seier han.

– Me har vore ei føregangsbedrift innan for dette feltet. Wärtsilä såg tidleg at dette med miljøomsyn var viktig, forklarar han. Han seier at det er ikkje slik at dei berre byggjer eit framdriftssystem, eller motorar som dei gjorde før, så er dei ferdige med oppgåva.

– Me har eit livstidsansvar, meiner han. Nett no nærmar det seg heilt full kapasitet på Rubbestadneset, og dei har fått oppdrag for over 60 millionar kroner.

– Me må langt ut på hausten før me får plass til nye, og me har ordrar inne for ombygging i 2010, fortel han. Men alt håp er ikkje ute for dei som har lyst til å bygga om motorane sine.

– Det er viktig for oss å få fram at dette kan gjerast innan 2011, legg han til. Ei ombygging av motoren kan redusera NOx-utsleppet med opptil 40 prosent.
Kilde:Sunnhordland