Dåp i Ulsteinvik

Viking Poseidon vart døypt i Ulsteinvik fredag 14. november kl. 15.00 ved utrustningskaia til Ulstein Verft. Skipet, ein ULSTEIN SX121 bygd ved Ulstein Verft, er eit stort subsea-konstruksjonsfartøy med ULSTEIN X-BOW-design.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Fartøyet skal leverast til Eidesvik og er 130 meter langt, 25 meter breitt og har eit dekksareal på om lag 1500 m2. Skipet vil kunne ha eit mannskap på inntil 106 personar, og er mellom anna utrusta med ROV-hangar, helikopterdekk og dieselelektrisk framdriftssystem.

Frå venstre: Runar Muren, Jan Fredrik Meling, Karsten Sævik, Nathalie Pinon og Terje Kallevåg.

Gudmora heiter Nathalie Pinon og er tilsett i Veolia Environnement (USA), som er ein del av selskapet Veolia som har ein langtids kontrakt med Eidesvik på Viking Poseidon.

Skipet skal vere base for avanserte undervassfartøy (ROV), som skal inspisere og reparere offshoreinstallasjonar i Mexico-gulfen.