«Statsraad Lehmkuhl» får Vestland fylkeskommune sin klima- og miljøpris 2026.

Får klima- og miljøprisen for 2026

Seglskipet «Statsraad Lehmkuhl» får Vestland fylkeskommune sin klima- og miljøpris 2026. Skipet har i over 100 år vore ein sentral del av bybiletet i Bergen og er i dag ein av Noregs tydelegaste ambassadørar for eit reint og rikt hav.

Publisert

– Havet er det største klasserommet vi har, og «Statsraad Lehmkuhl» er det finaste skuleskipet i verda. Når forskarar, barn og avgjerdstakarar frå heile verda møtest om bord, skjer det noko som ingen rapport eller konferanse kan erstatte. Det er akkurat den typen handling vi treng meir av, seier Nils-Anders Nøttseter (MDG), leiar i innstillingsutvalet til prisen.

Utdelinga fann stad under fylkestinget i Norheimsund 17. juni.

Bygd i 1914 som verdas første skuleskip med dieselmotor har «Statsraad Lehmkuhl» overlevd krig og store samfunnsendringar, utdanna tusenvis av sjøfolk og stadig fornya seg i takt med tida.

Med batteri installert i 2019 vart skipet det mest miljøvenlege i si klasse. I dag er det ein flytande arena for utdanning, forsking og internasjonalt samarbeid i FN sitt havtiår.

Prisen vart delt ut under fylkestinget i Norheimsund onsdag 17. juni. Frå v.: Fylkesordførar Jon Askeland, styreleiar Bernt Jacob Pettersen i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl, Haakon S. Vatle, direktør i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl og leiar i innstillingsutvalet Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Viktig internasjonal ambassadør

Klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune skal vere til heider for einskildpersonar, lag, organisasjonar og verksemder som utmerkar seg innan klima- og miljøarbeidet, eller som har vist god innsats over tid. Målet er å inspirere og hjelpe fram klima- og miljøarbeidet i fylket og motivere til vidare innsats.

I grunngjevinga står det mellom anna at «Statsraad Lehmkuhl» har sett havet på dagsorden gjennom One Ocean Expedition 2025–2026 verda over. Frå opne arrangement ved kai i Bergen, der barn og unge møter havet på nært hald, til internasjonale seglasar der forskarar og deltakarar frå heile verda samarbeider om å forstå og verne havet.

Innstillingsutvalet løftar særleg fram rolla skipet har som internasjonal ambassadør for Vestland og Noreg. Utvalet har også lagt vekt på det tverrfaglege forskingssamarbeidet som gir betre kunnskap om korleis havet vert påverka av mikroplast, klimaendringar og menneskeleg aktivitet.

– «Statsraad Lehmkuhl» representerer eit sjeldan samspel mellom historie, kompetanse og framtidsretta handling. Skipet viser på ein truverdig og handlingsretta måte at eit levande hav er ein føresetnad for berekraftig utvikling, seier Nøttseter.

Pris som forpliktar

Det var ein overraska, stolt og glad prisvinnar som var til stades i Norheimsund for å ta imot prisen.

– Det var veldig uventa, og desto større ei æra, å få vite at Stiftelsen Seilskipet «Statsraad Lehmkuhl» har fått årets klima- og miljøpris. Me har i snart ti år nytta vårt stolte seglskip til å skape merksemd om havet si viktige rolle for ei berekraftig framtid. Det er utruleg stas for alle i stiftinga at arbeidet blir lagt merke til i regionen vår.

Prisen forpliktar oss og våre støttespelarar til å syte for at skipet får det naudsynte vedlikehaldet dei komande åra, slik at det kan segle trygt på og for havet i minst 100 år til, seier Haakon Vatle, direktør i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl.