Seks nye til Ulstein

Polarcus har bestilt seks fartøy med Ulsteindesign.
Reiarlaget Polarcus bestiller seks nye skip med Ulsteindesign. Fartøya er av typen ULSTEIN SX124, ULSTEIN SX133 og ULSTEIN SX134, og skal byggast ved Drydocks World i Dubai.

Reialaget Polarcus satsar sterkt på miljøfokus og innovative løysingar og dei kjenner Ulsteinkonsernet frå tidlegare.
– Polarcus er i ferd med å bygge opp ein flåte med nokre av dei mest moderne og avanserte seismikkfartøya i verda. Det er sjølvsagt gledelig og viktig for oss at dei ønskjer ULSTEIN X-BOW på dei seks nye fartøya sine. Det er ei tillitserklæring når kundane våre kjem tilbake for å bestille nye fartøy med Ulsteindesign, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
– Norge har eit komplett og kunnskapsrikt miljø innan seismikk og offshore. Vi har tru på ULSTEIN X-BOW-konseptet, spesielt med tanke på miljøet. Vi er også opptatt av at mannskapet om bord skal ha gode og trygge arbeidsforhold, og vi meiner dette er eit design som bidreg til å møte også desse krava, seier executive vice president Peter Zickerman i Polarcus.

For artiske farvatn

Dei to nye designa ULSTEIN SX133 og ULSTEIN SX134 er dei første fartøya med ULSTEIN X-BOW som får DNV sin ICE-1A klassenotasjon. Det betyr at dei kan operere i arktiske farvatn.
– Heile skuta er isforsterka med tjukkare spant og hudplater. Der er avising- og ishindrande systemer på kritiske tankar og rør. Rømingsvegar og redningsutstyr er også tilrettelagt sikring mot ising under arktiske operasjonar. Propellar, gir og thrustarar er valgt og dimensjonert ut frå spesielle reglar for å tåle operasjon i is, fortel adm.dir. i Ulstein Design Rolf Inge Roth og held fram:
– At skipa med ULSTEIN X-BOW-forma har rolegare akselerasjonar og bevegelsar fører til meir stabil trekkraft. Dette bidreg til jamnare belastning på seismikkutstyret dei sleper etter seg. Vidare vert det tilsvarande rolegare og tryggare arbeidsforhold for mannskapet som jobbar på dekk, avsluttar Roth.

Dei to ULSTEIN SX124, og ULSTEIN SX134 fartøya vil bli utstyrt med 3D-seismikk og 12 streamervinsjar, medan dei to multifunksjonelle seismikkfartøya ULSTEIN SX133 blir utstyrt med seks streamer vinsjer for 3D/ 2D operasjon.

Utstyrspakke
I pakken frå Ulsteinkonsernet inngår omfattande leveranse av design og hovudutstyr til dei seks fartøya. Vidare skal ein produsere hovudtavler, bru- og kontrollromspultar. Fartøya blir utrusta med ULSTEIN IAS, ny ip-basert ULSTEIN COM, ULSTEIN NAV og ULSTEIN PMS.
Fartøya skal leverast i Q3 i 2009, Q4 i 2009 og dei to siste i Q1 2010.

Polarcus
Polarcus er eit relativt nytt reiarlag. Men mange av personane som er med, var også med i selskapet Eastern Echo, som bestilte seks seismikkfartøy med Ulsteindesign i 2007. Dette selskapet vart seinare oppkjøpt av Western Geco. Reiarlaget Polarcus jobbar med å bygge opp ein moderne, avansert og miljøvennlig flåte innan seismikkoperasjon.

ULSTEIN X-BOW
Fartøy med ULSTEIN X-BOW er designa for å oppretthalde farta sjølv om det er styggevêr og bølgjer. Ein annan fordel med dette er at slag frå sjøen mot framskipet fjernast heilt. Med denne kontrakten har Ulstein Design seld til saman 68 design. Av dette er 33 fartøy med ULSTEIN X-BOW.

DEL