Flyfoto av oljeutsleppet frå «Nordvad».
Foto: Fredrikstad kommune
Søkjer nokon som kan handtera oljelekkasje frå gamalt tysk skipsvrak
Krigsvraket MS «Nordvad» lek meir olje enn før. No lyser Kystverket ut ein anbodskonkurranse for å fjerna mest mogleg av dei resterande oljeprodukta.
«Nordvad» var opprinneleg eit 120 meter langt tysk forsyningsskip til ubåtflåten. Det fungerte som både verkstad og forsyningsskip før det vart bomba av britiske fly 28. desmber i 1944, og sank til 37 meters djup, omlag 200 meter utanfor munninga av Mosselva.
Sett vekk frå oljelekkasjen, ligg skipet stabilt.
Kor mykje olje som var om bord då skipet vart senka er uklart, men Kystverket skriv på sine sider at ein antek det var mellom 200-2000 tonn.
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
199,-
per måned. Første måned 4,-
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Personlig
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP
Skipsrevyen.no Pluss Bedrift
Du får: Skipsrevyen.no Pluss-saker
2189,-
per år
KJØP