Kristoffer Fagervoll Sortland har tatt over rolla som leiar for Senter for sjøsikkerheit (SFS).
Foto: HVL
Han har tatt over roret ved Senter for sjøsikkerheit
Kristoffer Fagervoll Sortland vart i februar tilsett som fungerande leiar for senteret, medan Liv Reidun Grimstved har studiepermisjon.
Senteret for sjøsikkerheit (SFS) har ambisjonar om å vera Vestlandets føretrekte arena for samhandling mellom akademia, martimt næringsliv og martime myndigheiter.
Fagervoll Sortland har jobba som innovasjonsrådgjevar ved senteret sidan 2021. I februar tok han over roret, og skal leia senteret ut 2023.
- Det er ei veldig spanande rolle, og eg gler meg til å utføra jobben i løpet av 2023. Eg er godt kjent med SFS og har jobba tett saman med Liv Reidun Grimstvedt sidan søknaden om vidareutvikling vart sendt til Ulla- Førrefondet.