Havila-eigar Njål Sævik kjenner Volstad Maritime svært godt som styremedlem i selskapet.

Havila Holding sluker Volstad Maritime

Gjennom selskapet Sæviking AS har Havila Holding vore majoritetseigar i Volstad Maritime. No kjøper dei også resten av aksjane og blir eine-eigar.

Havila-eigar Njål Sævik kjenner Volstad Maritime svært godt som styremedlem i selskapet.

Han seier at når dei no fekk sjansen til å ta over også resten av aksjane, så såg han på det som sjansen til å ta over noko som gir store framtidsmulegheiter.

- Volstad Maritime har ein av dei mest moderne subsea-flåtane i verda, det er ein miljøvenleg flåte og dei siste fem åra har 40 prosent av aktiviteten deira vore mot offshore vind. Dette er ein interessant flåte med ein god ordrereserve innan ein marknad vi har tru på og er også ein flåte som vil utfylle og styrke Havila som maritim aktør.

Bygge breidde og styrke

Havilagruppa er eigarar og inne i offshore-rederia Havila Shipping og det færøyiske offshorerederiet Skansi i tillegg til rederia Havila Kystruten og Smyril Line, som driv med passasjer- og godstransport.

- Som eineeigar av Volstad Maritime og majoritetseigar i Havila Shipping kan vi skape ein god miks mellom olje/gass og offshore vind i tillegg til at vi kan bygge breidde og styrke opp mot marknaden og innan drift av rederi.

Rundt 500 sjøfolk

Havila Shipping og Volstad Maritime har til saman om lag 500 sjøfolk. Kjøpsavtalen som no er inngått vil ikkje betyr noko endring for desse. 

Samtidig vil ein når avtalen no er signert, gå inn i ein prosess, for å sjå nærare på korleis ein i felleskap kan hente ut fordelar og styrkar mellom selskapa.

Volstad Maritime har seks skip, fem konstruksjonsskip (OCV) og eit dykkerskip (DSV). Dei har om lag 250 sjøfolk og 20 tilsette på land. Havila Shipping driv 14 fartøy innan subsea,plattformforsyningsskip og områdeberedskap. Om bord i skipa er det 262 sjøfolk. I tillegg har Havila Shipping 14 tilsette i administrasjonen og kjøper tenester innan mellom anna crewing, løn og innkjøp frå Havila Service. 

Partane er einige om å ikkje oppgi kjøpesum.