Forskingsskipet «Kristine Bonnevie» vert tatt ut av drift.
Forskingsskipet «Kristine Bonnevie» vert tatt ut av drift.

«Kristine Bonnevie» vert tatt ut av drift

Skal vera seld eller lagt i opplag innan 2024.

Publisert Sist oppdatert

Havforskingsinstituttets Rederiavdeling må spara opp mot 30 millionar kroner. Det betyr at 28 stillingar vert kutta neste år. Nedbemanninga startar allereie i haust

Forskingsskipet «Kristine Bonnevie» skal no bemannast med eitt skift. Skipet skal innan 2024 vera seld eller lagt i opplag.

– Det er tungt og ein trasig beskjed å gje. Dei tilsette har teke det nøkternt så langt, men eg forventar og trur at folk òg vert litt sinte. Eg skulle ynskja at eg hadde sleppt å gjera dette, seier avdelingsdirektør Inge Andè Utåker i Rederiavdelinga i Havforskingsinstituttet til avisa Nordlys.