Lasteskipet kom seg laus, men er ute av drift
Lasteskipet «Wilson Skaw», som grunnstøytte utanfor Island 18.april, skal no slepast til eit verft.
Lasteskipet kom seg laus på morgonen 21. april, av seg sjølv, i følgje General Director Ship Management i Wilson, Thorbjørn Dalsøren.
- Ho vart taua til rolegare farvatn. Me har no jobba med flytting av utstyr, og gjort tiltak på stabiliteten av skipet. Det er store skadar på botn av skipet.
I følgje Marinetraffic holdt skipet 11,4 knop då skipet grunnstøytte. Skipet skal ha fått hjelp av fartøyet «Freyja», som seinare slepte lasteskipet til rolegare farvatn, etter det var kome seg laus.