Lasteskipet grunnstøytte like nord for Nyhamna
Lasteskipet grunnstøytte like nord for Nyhamna

Grunnstøtt lasteskip på veg til kai

Det grunnstøytte lasteskipet «Torvaag» er no på veg til kai. Skipsførar kan ha sovna.

Publisert Sist oppdatert

– Me har dratt det av skjæret og det går no for eiga maskin. Skipet skal no inn til kai og lossa asfalten, slik at me kan ta eit nytt dykk, fortel skipsførar på redningskøyta Erik Bye, Christoffer Gården.

Tidlegare i dag melde Skipsrevyen om at lasteskipet «Torvaag», som var lasta med asfalt, hadde grunnstøytt like nord for Nyhamna, i Møre og Romsdal.

Tilfelle noko skjer

Lasteskipet byrja å ta inn vatn i lasterommet, men brannvesen og Kystvakta har bistått med lensepumper.

– Dei følgjer båten innover saman med oss, tilfelle det skulle skje noko.

Båten skal vera ved lossekaia rundt 13.30. Då skal ein gjera nok eit dykk.

– Me har vore nede ein gong, men det har vore vanskeleg når den har stått på grunna.

Fine forhold

– Veit de noko om årsak?

– Det kan eg ikkje uttala meg om.

– Mannskapet har det bra. Sjølv om det har vore ei alvorleg hending har vêret spelt på lag.

– Det har vore flatt hav. Kjempefine forhold.

Opprettar sak

Politiet i Møre og Romsdal skriv på Twitter at ein mogleg årsak til hending er at føraren av skipet har sovna på vakt.

Politiet opprettar sak.