SS «Jomfruen»
Foto: Norway Yatch Charter A/S
Gjekk på grunn og starta matservering
I slutten av mai gjekk SS «Jomfruen» på grunn.
Dei hadde nett gått i le av Nordre Langøya og redusert fart til tomgang for å starta matservering utandørs for passasjerane. Etter få minuttar gjekk dei på grunn og kom seg ikkje der ifrå av eiga maskin, står det i ulukkesrapporten til Sjøfartsdirektoratet.
Sidan dei låg roleg starta dei matserveringa.
Assistanse vart tilkalla og var på plass etter 40 minutt. Etter fleire forsøk på å bli dratt laus lukkast dei ikkje. RS 164 kom 30 minutt seinare og det vart beslutta å venta til høgvatn 7 timar seinare.