Her er MF «Sunnylvsfjord»

MF «Sunnylvsfjord» vart offisielt overdrege til Fjord1 mandag.

Mandag ettermiddag vart nybygget frå Tersan Shipyard i Tyrkia overlevert til Fjord1, som MF «Sunnylvsfjord».

Ferja er ein 80PBE/6VTE, og er designa av HavDesign, skriv Fjord1 på eigne nettsider. 

Ferja skal inn i sambandet Stranda - Liabygda, Indre Sunnmøre.

Leiar for nybygg, Arild Austrheim gratulerer og rosar involverte for arbeidet som er lagt ned:

- Vi takkar alle involverte for super innsats og tolmod både med verft, leverandørar og press frå oss andre med ynskje om snarleg ferdigstilling. Så blir det ikkje veldig mykje kvile før vi tar siste innspurt på Norddalsfjord. Gratulerer og takk til alle!

No startar klargjering og siste finpuss av «Sunnylvsfjord» før seglasen tilbake til Noreg startar. 

Tida på seglasen nordover er vêravhengig, men i beste fall kan vi sjå MF «Sunnylvsfjord» i Noreg om tre-fire veker.