Inngår forlik med selskapet bak «Ever Given»

Det skal dreia seg om eit krav på omlag 300 millionar danske kroner. 

Publisert

Mærsk inngår forlik i stor rettsak mot skipet, «Ever Given», som blokkerte Suezkanalen i byrjinga av 2021. 

ShippingWatch erfarer at eit krav på omlag 300 millionar danske kroner mot selskapet bak Ever Given, har endt med eit forlik utanfor domstolen i København. 

Avisa skriv at det er omlag ein månad sidan Mærsk har inngått forliket med partnarane utanom Sø- og Handelsretten, der saken skulle gå. 

Dette har dei frå fleire uavhengige kjelder, skriv dei.  Mærsk stadfestar dette ovanfor avisa, men grunngjev det ikkje. 

«Ever Given» er eigd av det japanske reiarlaget Shoei Kisen Kaisha, og er chartra av containertransportreiarlaget Evergreen Marine, som har hovudkontor på Taiwan.

Årsaken til at Mærsk ynskte å ta saken til retten var at «Ever Given» blokkerte Suezkanalen. 

Mærsk har regna seg fram til at omlag 50 av deira containerskip vart betydleg forseinka som følgje av dette. Dette skal mellom anna dekka krav som Mærsk sjølv har hatt frå kundar.