«Havila Foresight» ved Mongstad

Mongstad-rekord med 2000 turar

«Havila Foresight» passerte denne veka ein milepæl med 2000 turar frå CCB Mongstad og ut på felta i Nordsjøen.

Publisert Sist oppdatert

Så langt ein kjenner til ved CCB Mongstad er det ikkje andre enkeltskip som har samla seg ei slik Mongstad-erfaring, og rekorden vart markert med besøk om bord både frå basen, rederiet og frå Equinor som har hatt båten i arbeid sidan den var ny i 2007.

Svein Daniel Bjordal i Equinor seier dei ønskte å heidre ein trufast slitar.

- Gode prestasjonar består gjerne av mange kvardagar. Vi er veldig fornøgd med innsatsen frå «Havila Foresight» gjennom alle desse åra, og ønskte difor å markere desse 2000 turane, seier Bjordal i ei pressemelding.

Operations Director i Havila Shipping, Runar Smådal, var også med på markeringa. Han tek også fram det jamne, langvarige og gode arbeidet frå mannskap og skip.

Representantar frå Havila Shipping, Equinor og CCB Mongstad samla for å markere Mongstad-rekorden. F.v. COO Runar Smådal, kaptein Runar Frøytun, Svein Daniel Bjordal frå Equinor og leiar for Mongstad base, Janne Thomassen, og operasjonskoordinator ved basen, Arve Jostein Soltveit.

- Det er jamt arbeid og drift heile tida, og vi er imponerte over mannskapet som leverer kvalitet kvar einaste dag på rundtur etter rundtur. Det er resultatet av godt sjømannskap og gode rutinar om bord.

Godt mannskap

Smådal peiker også på at gjennom desse femten åra så har det alltid vore eit godt samarbeid og god kommunikasjon mellom fartøyet, Equinor, forsyningsbasen og offshoreinstallasjonane.

- Det er ein viktig faktor for trygg og god leveranse av fartøytenester.

Også kaptein Runar Frøytun tek fram mannskapet som ein suksessfaktor.

- Men så intens drift er det utfordrande å både sørge for både planlagt vedlikehald og rutekøyring, men det går bra når ein har med seg eit godt mannskap. Det er mannskapet som utgjer båten. Og så er det sjølvsagt avgjerande at vi har god kommunikasjon med oppdragsgivar og rederi.

Rekorden vart feira med kake

Oppgradert

«Havila Foresight» gjekk nyleg gjennom dokking og vart påkosta og fornya for rundt tjue millionar kroner. I samband med 15-årsklassing vart det mellom anna installert nytt DP-anlegg samtidig som utstyr som tankvaskesystem og slangefangarar vart oppgradert. Dermed er skipet klart for nye runder til og frå Nordsjøen.

Kontrakten med Equinor varer til januar 2024, med opsjon på fire gongar eit år til.

18 gongar rundt ekvator

I samband med markeringa hadde Runar Smådal leita fram kalkulatoren og leika litt med tal.

Med utgangspunkt i 5596 dagar på kontrakt for tidlegare Statoil og no Equinor, så har «Havila Foresight» i snitt brukt 2,8 dagar per tur – ut frå Mongstad til Trollfeltet, Oseberg, Gullfaks og tilbake. Då «Havila Foresight» passerte 1000 turar frå Mongstad, meinte kapteinen om bord at dei også passerte ein million last (bulk og dekk), så då er ein nok på over to millionar tonn ved passering av 2000-turar.

Og dei 2000 turane tilsvarer nesten 390.000 nautiske mil eller 18 gongar rundt jorda ved ekvator.