Enova legg ned stønadsordningen for etablering av landstraum.
Foto: Enova
Enova legg ned stønadsordning
Det er stønadsordninga for etablering av landstraum som vert lagt ned i desember.
Grunngjevinga er at det no er mange profesjonelle aktørar som tilbyr landstraum, difor er det ikkje lengre behov for investeringsstønad.
Det er framleis mogleg å søkja. Det er to søknadsfristar å forholda seg til. På sin nettstad skriv dei at 1. juni er neste, medan 6. desember er siste.
Stønadsordninga vart etablert i 2016, og har sidan då bidrege med 867 millionar kroner. Dette fordelt på 106 prosjekt, som har ført til 193 landstraumanlegg, der 34 av dei er under etablering.