Kunnskap og regelverk heng etter - ny konferanse skal tek tak i tematikken
Det vert truleg den første av sitt slag.
Elektrifiseringa av samfunnet skjer så fort, at kunnskap og regelverk ikkje heng med. No skal utfordringane og farane bli synleggjort på konferansen «Brannsikkerheit i elektriske batteri», melder Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.
29. februar skal forskarar dele kunnskap om litium-ionbatteri og brannmannskap fortelje om erfaringar og utfordringar med å slokke.
Blant innleiarane er brannsjef Atle Josdal i Kvinnherad brann og redning, som skal dele erfaringar og kunnskap frå brannen i oktober 2019 i batterirommet på bilferja MF «Ytterøyningen».
Morgonen etter at brannen i ferja var sløkt, eksploderte gassar om bord.
Hendinga førte til fleire hasteråd frå Sjøfartsdirektoratet, står det i pressemeldinga.
Heng ikkje med
Møre og Romsdal fylkeskommune har utarbeidd eit nytt kunnskapsunderlag som omhandlar overgang til fossilfri transport til lands, til vanns og i lufta. Her kjem det fram at elektrifisering av samfunnet skjer så raskt, at kunnskap og regelverk heng etter.
– Med aukande bruk av batteri, og nye bruksområde, aukar risikoen for brann. Men vi ser også at behovet for kunnskap er aukande, seier næringssjef Hilde Aspås i Møre og Romsdal fylkeskommune, som er arrangør.
– Det handlar om å auke bevisstgjeringa og leggje til rette for eit breiare og tettare samarbeid, slik at ein kan redusere risikoen for brann, og når det brenn, i elektriske batteri, seier Aspås.
«Alle» er der
Under konferansen skal brukarar, produsentar og leverandørar sjå utfordringane og sikkerheita frå sin ståstad. Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB) er der for å snakke om lovverk og ansvar og om oppstart av ny brannskole for brann, redning og samfunnssikkerheit, og statsforvaltaren skal sjå dette i eit beredskapsperspektiv.
Tanken er å setja søkelys på korleis ein kan auka kunnskapen og kompetansen, heilt frå produsent til leverandørar og brukarar – og til brann- og redningspersonell når uhellet er ute.
Initiativtakar til konferansen er seksjon for energi og grøn omstilling i Møre og Romsdal fylkeskommune, som har fått tilskot frå Klimasats til å halde ein konferanse om brannsikkerheit i elektriske batteri.
Les også:
-
Til Bergen for å se på elektrisk hurtigbåt
Regjeringen vil opprettholde Hurtigbåtprogrammet med 246,7 millioner kroner og utreder nye klimakrav, mens Vestland viser fram elektriske hurtigbåter.
-
Ser kraftig vekst i maritime batterier
Lavere priser og mer kompakte batterier gjør det mulig å elektrifisere stadig større fartøy. Norwegian Electric Systems får nå forespørsler på batteripakker langt over størrelsene som hittil har vært vanlige til sjøs.
-
Vant kontrakt til 1,2 milliarder: Nå har nybygget fått et samband
Torghatten har sikret 13 nye år på Melbu–Fiskebøl og har endelig et samband klart for nybygget.
-
Bygger nytt energisystem
Med støtte fra Enova skal solceller, batteri og hurtiglading gi lavere utslipp og mer elektrisk drift ved basen innen 2027.
-
Havbruksbåter kan bli elektriske
En ny kartlegging av 1.819 fartøy viser at særlig arbeidsbåter i havbruk har driftsmønster og energibehov som gjør dem godt egnet for elektrifisering.