Per Sævik kan sjå tilbake på et bunnsolid år for Havilagruppen.

Ein Herrens tenar takkar av …. nesten

Havila-namnet har han henta frå første Mosebok. Han var David mot Goliat då han etablerte Havila Kystruten og tok opp konkurransen med Hurtigruten. Måndag den 15. desember fyller han 85 år. Skipspodden har snakka med Per Sævik. No går av som konsernsjef i Havila Holding. Men gir han seg? Nei, ikkje heilt.

Publisert Sist oppdatert

Per Sævik er ein mann utanom det vanlege. Frå kontoret sitt i Fosnavåg på Sunnmøre har han vore innom dei fleste sider av næringsverksemd på kysten. Alt som 12-åring tente han sine første kroner på fiske. Seinare har det blitt atskilleg fleire kroner, ikkje minst kjøpet og salet av Fjord1. Til Skipspodden kommenterer han salet av aksjane slik:

– Det var smertefullt. Ambisjonen var å eige 100 % av aksjane i Fjord1, men av ulike grunnar vart det ikkje slik. Per kommenterer vidare det faktum at både Fjord1, Torghatten og Norled har utanlandske eigarar.

– Ei tilnærma katastrofe. Dette er selskap som burde vere på norske hender, seier han og forklarar utviklinga mellom anna med formuesskatten som straffar norske eigarar.

– Det var smertefullt, seier Per Sævik om salet av Fjord1.

Haugianar

Predikanten, opplesaren og industrigründeren, Hans Nielsen Hauge, er ein historisk person som Per Sævik identifiserer seg med så mykje at han kallar seg Haugianar. Per har rik erfaring frå bedehuskulturen. 

– Eg kallar meg sjølv fritidsemisær, seier han, og fortel om trua og då han vart tildelt Kongens Fortenestemedalje i Gull. Utdelinga blei arrangert på det lokale bedehuset, som han minnest som ei stor ære. Han fortel om tida som stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti og tida som ordførar i heimkommuna Herøy for same parti. Han har vore ein Herrens tenar gjennom heile livet, og står fjellstøtt på trua. Samstundes har han vore ein av dei mest suksessrike gründerane i norsk næringsliv med føtene godt planta i lokalsamfunnet.

Gullkorn

Per om offshorekrisa: «Der alle tenker likt, er det ingen som tenker meget».

Per om karrieren: «Etter at eg vart 80, begynte eg å trappe ned. Det vil sei at eg ikkje lenger gjekk på jobb laurdagane.»

Per om mangel på arbeidskontrakt: «Eg treng inga fallskjerm. Eg skal ikkje ned, eg skal opp».

Høy Per Sævik fortelje si historie i Skipspodden.

Sendinga vert lagt ut laurdag 13. desember 2025 på Skipsrevyen.no/skipspodden og YouTube og Spotify.

Skipsrevyen gratulerer med dette Per Sævik med dagen den 15. desember 2025