Color Line har omsetnadsrekord i 2022.

Omsetnadsrekord for Color Line i 2022

Tal frå Color Line syner at dei fekk omstenadsrekord i 2022, dette trass pandemibegrensningar i byrjinga av året og aukande makroøkonomisk usikkerheit grunna geopolitsk uro, skriv dei i ei pressemelding.

Dei hadde driftsinntekt på 5,6 milliardar, og eit driftsresultat (EBITDA) på 1,2 milliardar i 2022, mot 2,6 milliardar og 211 millionar i 2021.

Driftsresultatet (EBIT) enda på 598 millionar i 2022, opp frå minus 386 millionar i 2021. Reiarlaget frakta omlag 3,6 millionar passasjerar og 190, 000 frakteiningar.

– Det er svært gledeleg å kunne konstantera at sterk etterspurnad og høge kunderverdiar på alle våre ruter har gitt omsetnadsrekord og eit historisk godt driftsresultat. Trass geopolitisk uro og høge energiprisar, opplevde me stor pågang frå utanlandske gjester i vintermånadane, ny rekord i den viktige høgsesongen og ein solid førjulsperiode, seier konsernsjef Trond Kleivdal.

Reiarlaget peiker på ein svært lojal kundebase, attraktive produkt og ein fornya interesse for nærmarknader innanfor reiseliv, i kombinasjon med kosnadseffektiv drift og høg grad av digitalisering.

Slik bookingen er no syner den at den positive utviklinga held fram for Color Line inn i 2023. Dette samstundes som godstransporten styrkar seg etter at reiarlaget har sett ny fraktrekord i 2022.

– Både operasjonelt og driftsmessig var 2022 eit meget godt år for Color Line. Mot slutten av året selde me våre to eldste skip, MS «Color Viking» og frakteskipet MS «Color Carrier», som har bidrege til å effektivisera deler av den operative drifta og styrka vår robusheit, seier Klevidal.