Leiar for operativt tilsyn, Alf Tore Sørheim, varslar at Sjøfartsdirektoratet vil ha auka fokus på på kontroll av teljing av passasjerar på ferjer denne hausten. Foto: Sjøfartsdirektoratet

Varslar tilsynskampanje om passasjerteljing

Sjøfartsdirektoratet varslar at dei denne hausten vil ha auka fokus på kontroll av teljing av passasjerar på ferjer. – Me håpar det er god kontroll på dette viktige temaet når me no vitjar ulike ferjesamband, seier leiar for operativt tilsyn, Alf Tore Sørheim.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er «Forskrift om passasjerregistrering på skip» som regulerer krava til teljing og kontroll på antal passasjerar før ein legg frå kai. Etter at det vert innført autopass på fleire samband, fekk direktoratet fleire uromeldingar knytt til dette, heiter det i ei pressemelding.

- Dei fyrste kontrollane i 2019 viste at fleire reiarlag ikkje hadde god nok kontroll på passasjertalet på fleire ferjesamband. Det vart etter dette sett inn fleire tiltak for å styrke dette arbeidet. No ynskjer me å få verifisert at det er god kontroll på passasjerteljinga, seier Sørheim.

Bakgrunnen for kampanjen er at direktoratet i sommar fekk meldingar som tyder på at passasjerteljinga framleis ikkje er godt nok kontrollert.

Viktig tryggingstiltak

Teljing av passasjerar er eit viktig tryggingstiltak, som skal gje skipsførar kontroll på at det ikkje er fleire om bord enn det fartøyet er godkjent for. I ein krisesituasjon vil det også vera avgjerande å veta kor mange som er om bord, slik at ein har nok bergingsressursar tilgjengeleg.

- Eg trur at nokon ser på dette som litt unødvendig, men viss det skjer ei ulykke vil det vera kritisk viktig for bergingsmannskapet å veta om dei har fått alle opp av sjøen eller om dei må leita vidare, påpeiker Sørheim.

No går direktoratet ut med informasjon for å seie at dette er noko som må tas på alvor kvar dag. Dersom reiarlaga fyrst no skjerpar rutinane, håpar Sørheim at det blir gjort for å betre tryggleiken for dei om bord, og ikkje fordi dei fryktar å få pålegg frå Sjøfartsdirektoratet.