Ulstein leverer fleire design til USA

Nyleg erklærte reiarlaget SunStone Ships den første opsjonen i INFINITY-klassen av Ulstein-designa ekspedisjonscruiseskip. Reiarlaget har no erklært opsjon nummer to. Totalt er dermed tre skip basert på designet CX103 under bygging for SunStone ved CMHI-verftet i Kina.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

I 2017 inngjekk SunStone Ships ein kontrakt på eitt skip og ni opsjonar på leveransar av ekspedisjonscruiseskipsdesign og utstyrspakkar frå Ulstein. Alle dei ti fartøya er ein del av SunStone Ships sin serie av fartøy i INFINITY-klassen. Med denne erklæringa vil dermed CMHI-verftet (China Merchants Heavy Industry) i Kina bygge tre ekspedisjonscruiseskip basert på Ulstein-design. Ulstein sin kontrakt er med verftet, heiter det i ein pressemelding frå Ulstein.

SunStone Ships har signert ein langsiktig charterkontrakt med Victory Cruise Lines på dette tredje fartøyet, som vil bere namnet 'Ocean Victory'. Nybygget vil bli levert i mars 2021.

SunStone sin president og konsernsjef, Niels-Erik Lund, seier:

- Vi er nøgde med at skipa i INFINITY-klassen har vorte tatt inn i marknaden så raskt. Det ser ut til at europeisk design og teknologi, kombinert med lavare samla driftskostnader, har truffe blink i marknaden for denne typen skip.

- Vi er svært fornøgde med arbeidet som SunStone Ships har lagt ned for å finne cruiseoperatørar til desse fartøya, og er overtydde om at dei kjem til å få realisert alle dei ti skipa i serien, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group og leiar for forretningsområdet Design & Solutions. - Vi har eit tett samspel med dei involverte partane, og ser fram til eit vidare godt samarbeid på neste fartøy.

Ulstein Design & Solutions har designa skipet, og er også ansvarleg for utstyrsleveransane, der alt hovudutstyr er basert på utprøvd teknologi og frå anerkjende europeiske produsentar. Tillberg Design USA har ansvaret for interiørdesignet, medan Makinen har oppgåva med å bygge opp alle innvendige rom.

Det er ikke berre X-BOW® som gjer at skipet skil seg ut. Totalløysinga er designa for å maksimere kvalitetsopplevingane innandørs og naturopplevingane utandørs. Observasjonsdekk og balkongar gir god utsikt til naturomgjevnadene. Baren og restauranten serverer delikatessar og forfriskingar gjennom heile dagen.

Fasilitetane på skipet inkluderer tre restaurantar og ein open dekksrestaurant, observasjonssalong, forelesarsalong, pianobar, treningsrom og spa-fasilitetar, bibliotek, butikkar, omkledingsområde for gummibåtekskursjonar, 20 gummibåtar, svømmebasseng, boblebad og bassengbar.

Det første skipet i INFINITY-klassen, ‘Greg Mortimer’, er planlagt å bli levert i august 2019. Det skal gå i oppdrag for Aurora Cruises i Australia.

Skipa i INFINITY-klassen er 104,3 meter lange og 18,4 meter breie. "Ocean Victory" vil ha overnattingsplass for 100 mannskap og 200 passasjerar. Skroget får polarklasse PC6, polarkode Cat B, med dynamisk posisjoneringssystem og såkalla ‘nullfarts-stabilisatorsystem’.