Gå til innhold
- Næringa får større fleksibilitet og det blir enklare å bygge små, lette båtar for til dømes  urbane område, sier Jan Reinert Vestvik. Foto: Sjøfartsdirektoratet
- Næringa får større fleksibilitet og det blir enklare å bygge små, lette båtar for til dømes urbane område, sier Jan Reinert Vestvik. Foto: Sjøfartsdirektoratet

17. desember fastsette Sjøfartsdirektoratet ny forskrift om tryggleik i passasjerområde. Forskrifta er direktoratet si første på nynorsk, og erstattar ei nesten femti år gammal forskrift. Den nye forskrifta er tilpassa moderne krav og legg betre til rette for det grøne skiftet.

Den viktigaste endringa med tanke på det grøne skiftet er at ein del krav som har ført til unødig vekt om bord er fjerna. Dette er i hovudsak krav som var knytt til komfort eller sørvistilbod om bord, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

– Næringa får dermed større fleksibilitet og det blir enklare å bygge små, lette båtar for til dømes  urbane område. Det er Ruter i Oslo som har vore den sterkaste pådrivaren for denne fleksibiliteten. Som kjent har Oslo kommune store ambisjonar knytt til utsleppsreduksjon i kollektivtransporten, fortel senioringeniør på  passasjerskipsavdelinga, Jan Reinert Vestvik. 

Den nye forskrifta inneheld også ei rekke andre forbetringar, mellom anna strengare krav til utforming av trapper og rekkverk. Dei nye krava kjem som følge av innmeldte ulykker. 

– Bratte trapper på ferjer og snøggbåtar har ført til fleire ulykker der passasjerar har fått alvorlege skadar. Den nye regelen for utforming vil gjera trappene tryggare. Vi har også sett døme på at opningar i skutesidene kan vera farlege for nysgjerrige barn, og har difor skjerpa sikringa av slike, seier Vestvik. 

Til slutt er det også tatt inn ein regel om transport av «farleg reisegods». Dette er eit behov som Hurtigbåtforbundet HRF har meldt inn, og gjeld særleg øysamfunn der snøggbåten er einaste transportmiddel. Innbyggarar og hyttefolk har behov for å transportera gass til grillen, bensin til plenklipparen og liknande. Dei ordinære reglane for transport av farleg last er ikkje tilpassa privatpersonar, så no legg vi til rette for at små mengder farleg reisegods kan transporterast på ein sikker måte. Vidare er det tatt inn særskilte krav ved transport av «små elektriske køyretøy», dvs. el-sparkesyklar, el-syklar og liknande. 

Dette er også Sjøfartsdirektoratets første forskrift som er skriven på nynorsk.

– Det var krevande å omsetta fagterminologi og juridiske uttrykk, men arbeidet som blei gjort i denne runden vil gjera det mykje lettare å skriva forskrifter på nynorsk framover, så det vil komma fleire, seier Sonja Hillersøy, som leier Sjøfartsdirektoratets underavdeling for passasjerskip.

Forslaget var på høyring frå 9. februar til 9. juni 2021 og direktoratet fekk 15 tilbakemeldingar. Dei aller fleste støtta forslaget om ei ny forskrift med fokus på tryggleik for liv og helse, miljø og materielle verdiar, og mindre fokus på komfortkrav.