Mads-Andre Værnes er ny finansdirektør ved Kleven Verft. Foto: Kleven Verft

Ny finansdirektør ved Kleven Verft

Mads-Andre Værnes er tilsett som ny finansdirektør ved Kleven Verft. Det heiter det i ein pressemelding.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Dette er både ei stor utfordring og ei veldig spanande moglegheit. Utfordringa motiverer meg, og eg ser fram til å kunne bidra i enda større grad for å sikre nye oppdrag til dei fantastisk dyktige tilsette i Kleven, seier Mads-Andre Værnes.

Mads-Andre har ei mastergrad i finansiell økonomi frå BI. Han jobba deretter i PwC som revisor, og tok som tilsett i PwC ei mastergrad i revisjon og rekneskap. Etter dette var han i ein periode økonomisjef for ålesundskontoret til Farstad Shipping.

Mads-Andre vart tilsett som finanssjef i Kleven Verft i september 2017. Han tek no over som finansdirektør etter kollega Ola Beinnes Fosse som har valt å tre av.

- Då eg tok på meg jobben som finansdirektør under restruktureringa i 2018 var eg veldig usikker på om det var det riktige å gjere. Eg visste det var ein stor jobb som måtte bli gjort, og eg var fullstendig klar over den viktige rolla som Kleven spelte, ikkje berre i lokalsamfunnet, men også i internasjonal verftsindustri. No som Kleven er restrukturert finansielt og selt vidare til ein stor internasjonal industriell aktør, føler eg jobben eg var sett til å gjere i Kleven er gjort. Dette har vore ei krevjande tid for meg og mi familie, og eg ser no fram til å tilbringe litt meir tid med dei, seier avtroppande finansdirektør Ola Beinnes Fosse, og legg til:

- Eg er trygg på at i min arvtakar Mads-Andre er Kleven sine finansar i dei aller beste hender.

- Ola Beinnes Fosse har vore finansdirektør i ein veldig utfordrande periode ved Kleven Verft. Vi takkar Ola på vegne av alle i Kleven Verft for innsatsen og den profesjonelle jobben han har utført i samband med den finansielle restruktureringa og salet av verftet. Vi ønsker han lykke til vidare. Samstundes er vi veldig glade for at Mads-Andre har takka ja til å overta som finansdirektør, og ønsker han velkomen og lykke til i den nye rolla, seier Kjetil Bollestad, administrerande direktør i Kleven Verft.